Ursula Småland Goth
Ursula Småland Goth (fødd i 1961 i Wien) er ein norsk forskar og forfattar i kryssingsfeltet mellom samfunnsvitskap og folkehelse. Ho er utdanna siviløkonom, sjukepleiar og epidemiolog og tok doktorgraden sin ved medisinsk fakultet ved Universitetet i Oslo.
Ursula Småland Goth | |||
Fødd | 12. april 1961 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | forskar |
Ho arbeider som forskingsleiar og professor i interkulturelle studiar ved NLA Høgskolen og som professor i Folkehelse (migrasjonshelse) ved Høyskolen Kristiania.
Generelt har forskinga hennar omhandla sosiale skilnader og helse, migrasjonhelse, migrasjonspedagogikk, sosioøkonomiske skilnader, integrasjon og sosialepidemiologi. Arbeidet hennar har mellom anna tatt for seg skilnader i bruk av og tilgang til helsetenester med bakgrunn i landsbakgrunn og butid i Noreg. I tillegg har ho skrive om språkopplæring for innvandrarar, levekår, innvandrarars utfordringa i skulen og helsetenestebruk blant innvandrarar. Goth har publisert fleire artiklar i fagfellevurderte tidsskrift og antologiar.
Utvalde forskingsprosjekt
endre- Immigrants' use of the GP scheme
- Birds of a feather flock together
- Integrasjon i skolen, høyskolen og arbeidslivet
- Simulering som didaktisk tilnærming i helsefaglig høyskoleutdanning
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ursula Småland Goth» frå Wikipedia på bokmål, den 27. oktober 2022.
Bakgrunnsstoff
endre- Presentasjon på Gyldendal sine nettsider Arkivert 2021-11-12 ved Wayback Machine.