Nesleslekta

planteslekt
(Omdirigert frå Urtica)
Nesleslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Roseordenen Rosales
Familie: Neslefamilien Urticaceae
Slekt: Nesleslekta Urtica
L., 1753

Nesleslekta (Urtica)[1] er ei planteslekt i neslefamilien. Plantane i slekta kan «brenna» om ein rører blada eller stenglane deira, og dei er derfor ofte kjende som brennesler, brenn-nesler og brennenesler. Slekta omfattar rundt 50 artar.[2]

Nesler har motsette, grovtagga blad og lysegrøne blomar som heng i knippe frå bladhjørna. Stengel og blad har brennhår som sprøyter ut ei giftig væske når den skjøre, glasaktige spissen blir broten av.[2]

I Noreg veks to nesleartar, stornesle (U. dioica) og smånesle (U. urens).[2]

Artar endre

 
Urtica cannabina
 
Urtica magellanica

Det finst ei lang rekkje artar ein har plassert innan nesleslekta, men mange av desse er synonym, særleg for stornesle, som har fleire underartar.[3]

Artar i nesleslekta med naturlege hovudutbeiingsområde:

Kjelder endre

  1. «Slekt Urtica L.». Artsdatabanken. Henta 25. november 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «nesle» i Store norske leksikon, snl.no.
  3. «The Plant List: Urtica». Royal Botanic Gardens, Kew and Missouri Botanic Garden. Henta 6. september 2016.