Urumea er ei elv i regionen Baskarland nord i Spania. Ho er ei av fleire relativt korte baskiske elvar som munnar ut Biscayabukta og er mest kjend for å renne gjennom byen San Sebastian. Ho er 59,4 km lang frå kjelda i kommunen Goizueta. Middeltemperaturen hennar er 13,5 °C og vassføringa varierer gjennom året, men er mindre enn andre elvar i Gipuzkoa.

Urumea
elv
Urumea i San Sebastian
Land  Spania
Nedslagsfelt 279 km²
Lengd 59,4 km
Middelvassføring 13,63 /s
Kjelde Dei baskiske fjella
 - høgd 1 136 moh.
Munning Biscayabukta
Kart
Urumea
43°19′34″N 1°58′56″W / 43.32611111°N 1.98222222°W / 43.32611111; -1.98222222
Wikimedia Commons: Urumea River

Den nedre delen av elva har breie, flate breidder som høver godt for jordbruk og urban utvikling. Dette har ført til at det meste av nedslagsfeltet hennar er busett i Gipuzkoa, og inneheld over 200 000 innbyggjarar. Dei største byane ved elva er Hernani, Astigarraga og Donostia.

Vasskvaliteten i elva er forholdsvis god, trass i at kvaliteten vert noko dårlegare nær munningen ved byen Donostia. I seinare tid har styresmaktene gjort forsøk på å reinse vatnet, og resultatet har vorte særs bra. Derfor er fiskelivet i elva stabilt og inneheld i dag fem artar, laks, aure, ezkailu (Phoxinus phoxinus), smerling og ål.

Kjelder endre

43°19′34″N 1°58′56″W / 43.32611°N 1.98222°W / 43.32611; -1.98222