Uttale av finsk skriftspråk

Finsk har eit svært konsekvent skriftspråk som gjer at det er lett å gå frå skrift til tale og omvendt.

Hovudreglar endre

Kvar bokstav uttrykker ein lyd, og kvar lyd har ein bokstav. Samtlege bokstavar skal med andre ord takast på alvor, kvar og ein skal uttalast, alltid på same måte.

Trykket ligg alltid på første stavinga i ordet.

Doble bokstavar står for ein lang lyd, enkle bokstavar for ein kort.

Døme: «banan» er banaani på finsk, med trykket først.

Vokalar endre

Bokstavane som står for vokalar har same lydverdi som i til dømes tysk og italiensk:

  • o blir uttalt som i det norske ordet flott og det tyske Gott.
  • u blir uttalt som i det norske ordet dum og det tyske gut. «Potetmos» er på finsk perunamuusi, og dei to orda (norsk mos og finsk muusi blir uttalt med same lange vokal.
  • y blir uttalt (nesten) som i det norske ordet ku. Finsk kyy (som betyr hoggorm) blir altså uttalt omtrent med same vokalen som norsk ku. Finske Myllylä ville altså ha skrive namnet sitt Mullulæ i Noreg, slik kvenane faktisk gjer.

Den lyden vi har i det norske ordet sy finst ikkje i finsk (faktisk i svært få språk i det heile tatt, det er derfor utlendingar har så store problem med norsk u og y.

ä og ö blir uttalte på nøyaktig same måte som norsk æ og ø.

Regelen som da står att er at desse reglane skal bli tatt alvorleg. Sjølv om vi i norsk har ein regel som seier at «e framfor r blir til æ» gjeld denne regelen altså ikkje på finsk. peruna uttalast peruna og ikkje pæryna. Sjølv om svensk ä ofte blir uttalt som e gjeld det ikkje i finsk. I finsk er e alltid e og ä alltid ä. Ishockyspelaren heiter altså Selänne med to e-ar og ein æ i midten. Det er ikkje lett for ein nordmann å uttale til dømes sjukdomsnamnet herpes med to e-ar i staden for med ein æ og ein e. Men det går. Prøv ein gong til.

Konsonantar endre

Konsonantane blir uttalte som på norsk, med ein viktig merknad. p, t og k blir uttalt som i norsk spå, stor og skur, ikkje som i dei norske orda , Tor og kur. Hald handflata framom kjeften og sei desse seks orda etter kvarandre, så kjenner du kva eg meiner. Seier du eller Tor kan du slokke talglys. Det kan du ikkje med stor og skur. For å få ordet for hoggorm rett må du altså late som om det står ein s framfor, ta bort s-en, og seie kyy. Resultatet er ei garantert heilfinsk kjensle (evt. ispedd rare blikk frå sidemannen dersom du seier det høgt).

Dobbeltbokstavar er som sagt lange. Dermed får vi ein klar skilnad mellom tuuli (vind), tulli (toll) og tuli (eld). Den siste er ikkje lett, i og med at ordet ikkje inneheld lange lydar i det heile, noko som var god gammalnorsk men er umogleg i moderne norsk, med unnatak av Gudbrandsdalen, der dei uttaler namnet Vågå like kort som finnar seier tuli. Med lange lukkelydar, som i namna Seppo, Matti og Pekka, er det berre å ta ein liten kvilepause på konsonanten før du går vidare. Det same gjeld når den lange konsonanten kjem etter ein lang vokal: tyyppi (type), paatti (båt) og piikki (spiss). Gjer y-en lang, gjer p-en lang, så blir det finsk av det.

Eit par ord om h etter vokal. I tysk betyr dette at vokalen er lang (tysk fahren og norsk fare har omtrent same vokal). I finsk, derimot, gjeld framleis regel 1, at alle bokstavar skal uttrykke lyden sin. h-en i ordet Lahti uttalast dermed slik som h-en i det norske ordet Harald.

Trykk endre

Trykkregelen er verkeleg absolutt. Alle ord har trykk først. Dette gjeld og når første staving består av kort vokal og kort konsonant. (som i peruna, Selänne, pateettinen politiikka, apteekki).

Tone endre

Finsk er eit høgtonespråk, det vil seie at trykk blir markert med høgtone (her er det austnorsk og trøndersk som er uvanlege, og markerer trykk med lågtone). For å få den rette finske slengen skal du dermed uttale alle eksempelorda med eit tonefall som om du kom frå Finnmark.

Stavingar endre

Stavingsgrensa i finsk går alltid framfor siste konsonant, slik: yh-dis-tys (foreining). Stavingsgrensa går aldri tvers gjennom ein lang vokal (mellom to like vokalsymbol). To ulike vokalar attmed kvarandre utgjer ein diftong, og dermed ei staving, viss den siste av dei er i, y eller u, eller viss diftongane er ie, uo, yö. Ordet Suo-mi har dermed to stavingar, stikk i strid med kva mange nordmenn trur. Når finnar snakkar om landet Ko-re-a er det derimot med tre stavingar (men med trykk på første og berre korte vokalar!). Her følgjer den komplette samlinga av finske diftongar: ai, ei, oi, ui, äi, öi, yi, au, ou, eu, iu, äy, öy, ey, iy, ie, uo, yö, og kvar og ein av dei er uttalt ved å uttale først den første vokalen, og deretter (i same stavinga) den andre. Når vi sett denne vokalrikdommen saman med eit forbod mot konsonantsamband i byrjinga av ord, forstår vi korfor 48 % av lydane i den finske talestraumen er vokalar, mot berre 37 % i til dømes svensk. Finsk er soleis ein draum for ein kvar ambisiøs korsongar.


Finsk og kvensk endre

Den kvenske namnetradisjonen kan på sitt vis fortelje korleis det går når vi skriftfestar eit namn i to ulike skriftspråk. Det viser seg at den viktigaste skilnaden mellom stemte og ustemte lydar (p/b, t/d, k/g, ...) i norsk ikkje er stemtheita, men den pusten (aspirasjon) som vi legg til når vi uttaler dei ustemte lydane (jfr. talglystesten ovanfor). Sjølv om dei finske (og samiske!) lukkelydane er ustemte, manglar dei denne tilleggspusten, og blir av norsktalande dermed oppfatta som om dei hadde vore stemte. Ustemt k blir typisk nok berga i det tilfelle han kjem etter s (i forma Gaski). På norsk kan vi ikkje ha g her, og k-en manglar den pusten han ville ha hatt i framlyd. Resultatet blir at nordmenn høyrer ein g og ein k der det som i røynda blir uttalt er to identiske k-ar. Elles er finsk u og y erstatta med o og u. Ekte finske ord har tilfeldigvis ikkje lang oo, viss dei hadde hatt det ville kvenane ha skrive å. Når det gjeld ä og ö blir dei sjølvsagt til æ og ø, men framfor r blir norske e-ar uttala som æ, slik at vi får to alternative skrivemåtar for Jerijärvi. Lange vokalar blir i norsk uttrykt med fråvær av dobbeltkonsonant, og resultatet har dermed heilt riktig vorte Osima for Uusimaa.

Skrivemåte i Noreg Skrivemåte i Finland
Beldo Pelto
Dørmænen, Dørmenen Törmänen
Gaski Kaski
Gulmælæ Kylmälä
Harjo Harju
Huru Hyry
Ingilæ Inkilä
Jerijervi, Jerijærvi Jerijärvi
Osima Uusimaa

Ein del gonger tar skriftspråket revansj, som når namn får same skrivemåte i Noreg og Finland, men ulik uttale. Namn som Arvola og Halonen hadde soleis fått ha den opphavlege uttalen sin meir i fred viss dei hadde skrive seg som Arvåla og Halånen.

Eit par gonger har norsk og finsk (nær) identiske rettskrivingsreglar, og namna sklir rett inn i norsk skrift: Niemi, Niska, Niva, Nikkinen.

Det må her understrekast at det ikkje er mogleg å seie at den eine skrivemåten er «rett» og den andre er «gale». Skilnaden ligg rett og slett i om norske eller finske rettskrivingsreglar skal leggast til grunn. I mange tilfelle er det umogleg å få rett resultat med norske reglar, rett og slett fordi det norske skriftspråket ikkje er laga for å fange opp distinksjonane som finst i finsk. Namna Hyry og Niva har til dømes kort y og i i finsk, dette er det ikkje mogleg å få fram i norsk utan å skrive dobbelkonsonant, men i og med at namna har kort konsonant, blir det også feil. For ein del av namna vil derfor den einaste måten å få dei skrive «rett» (det vil seie notert ned i skrift på ein måte som fortel korleis dei uttalast) vera å skrive dei på finsk vis. Om det er den beste strategien i Noreg er ei anna sak, og same norske telefonkatalog kan i dag presentere variantar frå begge spaltene i tabellen ovanfor.

Kjelde endre