Wäinö Aaltonen
finsk bilethoggar
(Omdirigert frå Väinö Valdemar Aaltonen)
Wäinö Valdemar Aaltonen (8. mars 1894–30. mai 1966) var ein finsk bilethoggar, som mellom anna har utført statue av idrettsmannen Paavo Nurmi (1924-25), fridomsmonumentet i Nyslott (1935) og enkle portretthovud av mellom andre Jean Sibelius (1935).
Wäinö Aaltonen | |
Statsborgarskap | Finland |
Fødd | 8. mars 1894 Karinainen, S:t Mårtens |
Død |
30. mai 1966 (72 år) |
Yrke | kunstmålar, bilethoggar, fotograf, biletkunstnar |
Språk | finsk |
Medlem av | Research Council of Finland, Accademia delle Arti del Disegno |
Ektefelle | Aino Pietiläinen |
Born | Matti Aaltonen, Maija Aaltonen |
Wäinö Aaltonen på Commons |
Han vart utdanna som målar i Åbo, der det i dag ligg eit Aaltonen-museum. Som skulptør var Aaltonen hovudsakleg sjølvlært. Arbeida hans er formstrenge og prega av klassisk harmoni.
Sommar-OL
endreAaltonen deltok i kunstkonkurranse, avdelng skulptur, under sommar-OL 1948 og 1952.[1]
Referansar
endre- ↑ «Wäinö Aaltonen» (på engelsk). Olympedia. Henta 14. april 2023.
Kjelder
endre Denne kunstartikkelen som har med Finland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.