Opna hovudmenyen

Skongenes fyrstasjon er eit fyr som ligg nordaust på Vågsøy i Sogn og Fjordane på sørsida av Sildegapet og like sør for Stad.

Skongenes fyrstasjon
FylkeSogn og Fjordane
KommuneVågsøy
FunksjonLei- og innseglingsfyr
Oppretta1870
Koordinatar62°01.9517′N 5°7.4249′EKoordinatar: 62°01.9517′N 5°7.4249′E
Fyrtårn
Høgd10,0
FormFyrbygning med tårn
Fyrlys
LyskarakterTo okkulterande lys kvart 8. sekund.
Lyshøgd16,3 moh
Lysvidde12,8 nm
Status
EigarStaten
Automatisert1985
Avfolka1985
Skongenes fyrstasjon is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Skongenes fyrstasjon

I 1865 var fyrdirektøren på befaring mellom Bergen og Stad og det vart sett på som nødvendig med eit leifyr på Skongeneset. Det vart bevila 6875 spesidalar til fyrstasjonen, som vart sett opp i 1870 og fyret vart tent 26. november same året. I 1875 vart det montert tåkeklokke av stål. Klokka gav ni slag med eitt sekunds mellomrom kvart femte minutt. I 1882 vart klokka bytta ut med ei ny klokke i metall som gav betre lyd. I 1932 vart bemanninga auka med ein assistent og det vart bygd ein ny assistentbustad.

Fyret vart angripe av allierte fly i mars 1945 og bustadane her vart hardt skadde. I 1949-1950 vart det derfor bygd nye bustader. Fyret vart omgjort til tørnstasjon i 1961, og den gamle assistentbustaden vart seld og rive ned. Fyret vart elektrifisert i 1963 og tåkeklokka vart skifta ut med ein nautofon som gav to støt kvart 30. sekund. Fyret vart automatisert og avbemanna i 1985.

I tillegg til sjølve fyret dannar fire bygningar eit indre tun. Fyrtårnet ligg mot nord, og i tillegg finn ein uthus, lager, fjøs, maskinhus og verkstad.

I dag vert det drive utleige av Skongsnes fyr for overnattingsgjester. Det er tilkomst til fyret via sti, om lag ein times gåtur frå bilvegen.

Sjå ògEndra

KjelderEndra