Væpna konflikt

Væpna konflikt er ein konflikt som omfattar vald og bruk av våpen. Dersom ein av partane er ein stat, og om konflikten vert utkjempa mellom to statar, vert han kalla ein intersnasjonal væpna konflikt.[1] Det er valdsbruken som avgjer om konflikten skal reknast som væpna, og derfor trengst ikkje formell krigserklæring.

Nord-Irland vart i mange år herja av væpna konflikt.

Innan freds- og konfliktforskningen delar ein ofte konfliktar inn i tre kategoriar:

  • Mindre væpna konflikt. Talet på stridsrelaterte dødsfall under konflikten er fleire enn 25 per år men mindre enn 1 000 under heile konflikten.
  • Større væpna konflikter. Talet stridsrelaterte dødsfall overstig 25 per år og overstig 1 000 under heile konflikten, men er mindre enn 1 000 i eitt spesifikt år.
  • Krig. Talet på stridsrelaterte dødsfall overstig 1 000 på eitt år[2]

ReferansarEndra

  1. Wissenschaftlicher Dienst des Deutschen Bundestages: Zur völkerrechtlichen Kategorisierung von Konflikten Arkivert 2011-08-15 ved Wayback Machine., 28. juni 2010
  2. "Hur definieras "väpnad konflikt" enligt folkrätten?", redcross.se Arkivert 2015-09-30 ved Wayback Machine., henta 1. februar 2009

KjelderEndra