Vadfoss/Helle
Vadfoss/Helle er ein tettstad i Kragerø kommune i Telemark fylke. Han har 1 519 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg nokre kilometer nord og nordvest for Kragerø by.
Vadfoss/Helle | |||
tettstad | |||
Helle kyrkje, vigsla i 1994
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Telemark | ||
Kommune | Kragerø | ||
Areal | 1,23 km² | ||
Folketal | 1 519 (2023) | ||
Folketettleik | 1 235 / km² | ||
Postnummer | Vadfoss: 3770 KRAGERØ Helle: 3790 HELLE | ||
Vadfoss/Helle 58°53′41″N 9°21′58″E / 58.89472222°N 9.36611111°E |
Helle
endreHelle er ein gammal strandstad og seinare industristad på nordsida av Hellefjorden. Det har vore sagbruk på staden allt frå 1556 fram til 1930,[1][2] og deretter ein kjettingfabrikk som i 2005 flytta til Sannidal.[3] Helle låg opphavleg på begge sider av grensa mellom Skåtøy og Sannidal sokn, men i 2005 vart grensene endra slik at staden udelt høyrde til Sannidal.[4]
Vadfoss
endreVadfoss er opphavleg ein industristad ved Kammerfosselva som blei bygd opp kring Vafos brug, noverande Vafos AS, tresliperi og papirmassefabrikk, skipa i 1890.[5] Han låg opphavleg i Sannidal sokn.
Éin tettstad
endreVed den nye tettstadsavgrensinga frå 2000 blei dei to tettstadene rekna som éin, men den gamle, vestre delen av Vadfoss (ved Vadfoss gamle jernbanestasjon) var ikkje lenger medrekna, berre den austre delen rundt Årø. Frå 2010 utgjer Vadfoss og Helle storparten av Helle sokn som då blei oppretta ved frådeling av Sannidal sokn.
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling på Vadfoss og Helle | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1865 | 305 | |||
1875 | 370 | |||
1890 | 372 | |||
1900 | 361 | |||
1910 | 290 | |||
1920 | 401+161 | |||
1930 | 503+138 | |||
1946 | 470+407 | |||
1950 | 456+310 | |||
1960 | 426+308 | |||
1970 | 565+269 | |||
1980 | 887+740 | |||
1990 | 843+985 | |||
2000 | 1 610 | |||
2009 | 1 554 | |||
2012 | 1 556 | |||
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar
Tala 1865-1910 viser berre til Helle |