Val-de-Travers
Val-de-Travers er ein kommune i distriktet Val-de-Travers i kantonen Neuchâtel i Sveits. Kommunen har 10 832 innbyggjarar (2010) og eit areal på 13 km². Kommunesenteret ligg 737 meter over havet. Val-de-Travers er hovudstad i distriktet som har namn etter kommunen.
Val-de-Travers | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | Neuchâtel | ||
Distrikt | Val-de-Travers | ||
Språk | fransk | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
12,90 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
10 832 839,7 /km² | ||
Koordinatar | 46°54′0″N 6°36′0″E / 46.90000°N 6.60000°E | ||
Høgd over havet | 737 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 2112 | ||
Nettstad: val-de-travers.ne.ch/ |
Det meste av kommunen Val-de-Travers ligg i ein dal som kommunen har namn etter. I søraust har kommunen ei lang grense mot kantonen Vaud, medan kommunen har ei kort grense mot Frankrike i vest.
Han vart skapt 1. januar 2009 då dei tidlegare kommunane Boveresse, Buttes, Couvet, Fleurier, Les Bayards, Môtiers, Noiraigue, Saint-Sulpice og Travers slått saman til Val-de-Travers.[1]
Regionen er kjend for produksjon av absint.
Kommunen ligg i Jurafjella. Dalen gev eit samband mellom Det sveitsiske platået og Franche-Comte. Elva L'Areuse (tidlegare kalla La Reuse) renn gjennom dalen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Val-de-Travers» frå Wikipedia på engelsk, den 31. mars 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Amtliches Gemeindeverzeichnis der Schweiz published by the sveitsisk Federal Statistical Office (tysk)
Bakgrunnsstoff
endre- Boveresse på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.