Valbjør Gard
61°52′20.71″N 9°1′29.73″E / 61.8724194°N 9.0249250°E
Valbjør Gard ligg attmed fylkesveg 454 på nordsida av Vågåvatnet, i Vågå i Oppland fylke.
Historia til garden kan sporast attende til vikingtida. I dag har garden 13 hus frå 1600-, 1700- og 1800-talet, og gardstunet er freda. Garden har variert verksemd med overnatting og servering samt økologisk gardsdrift med geitehald og produksjon av mellom anna ost og spekepølse. Gardsbutikken sel lokalt handverk i tillegg til mat. Vertskapet er medlem av ei rekkje organisasjonar for gardsturisme og kulturarv.
Bakgrunnsstoff
endre- Arnfinn Engen (1992). Freda hus og gardstun i Gudbrandsdalen. Lillehammer: Thorsrud. s. 174-177. ISBN 8290439660.
- Valbjør Gard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Offisiell nettstad
- Valbjør Gard på Facebook
- Olavsrosa hjå Norsk Kulturarv
- Hanen.no
- Gardmillom Arkivert 2013-03-08 ved Wayback Machine.
- Mat langs nasjonale turistveger[daud lenkje]
- Denne artikkelen bygger på «Valbjør Gard» frå Wikipedia på bokmål, den 4. september 2013.