Valentin Rasputin

Valentin Grigorjevitsj Rasputin (fødd 15. mars 1937 i Atalanka, død 15. mars 2015 i Moskva) var ein russisk forfattar og miljøvernaktivist. Rasputin budde i Atalanka til han var 17 år og budde sidan i Irkutsk.

Valentin Rasputin

Fødenamn Валенти́н Григо́рьевич Распу́тин
Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 15. mars 1937
Ust'-Uda
Død

14. mars 2015 (77 år)
Moskva

Yrke skribent, journalist, kommentator, offentleg person, politikar, romanforfattar, novelleforfattar
Språk russisk
Sjanger Landsbyprosa, essay
Medlem av Den sovjetiske forfatterforeningen
Valentin Rasputin på Commons

Frå 1954 til 1958 studerte Rsputin ved Det historisk-filologiske fakultetet ved Universitetet i Irkutsk. Etter studiane arbeidde han som journalist from til 1966, då han vart forfattar på heiltid. Han skreiv mange romanar. Han var sterkt kritisk til den snøgge industrialiseringa av Sibir og til forureininga av naturen dette fører med seg. Han var òg sterkt oppteken av å ta vare på kulturarven og å halda på tradisjonane.

Spire Denne litteraturartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.