Valide sultan

Valide sultan (arabisk walida, 'ho som har fødd til verda, mor') er ein historisk tittel og posisjon som gjekk til mødrene av styrande sultanar av Det osmanske riket. Valide sultan var rekna som den nest mektigaste posisjonen i riket. Ho var den høgst rangerte kvinna i riket, og kom før dei fire ektevigde konene til sultanen, som ifølgje islam måtte behandlast likt og ikkje hadde nokon posisjon motsvarande den til ei dronning.

Emetullah Rabia Gülnûş Sultan, fantasiportrett frå 1800-talet.

Ein valide sultan hadde, etter det muslimske synet på retten til mødrer, ein legitim rett til å utøva politisk påverkna på styret til riket. Dei fleste validesultanar var formelt sett slavar (saqaliba) frå det keisarlege haremet, som dei var overhovud for. To av dei styrte òg på eiga hand som regentar for riket medan sønene deira var umyndige.

Valide-sultanar

Sjå ògEndra

KjelderEndra