Valide sultan
Valide sultan (arabisk walida, 'ho som har fødd til verda, mor') er ein historisk tittel og posisjon som gjekk til mødrene av styrande sultanar av Det osmanske riket. Valide sultan var rekna som den nest mektigaste posisjonen i riket. Ho var den høgst rangerte kvinna i riket, og kom før dei fire ektevigde konene til sultanen, som ifølgje islam måtte behandlast likt og ikkje hadde nokon posisjon motsvarande den til ei dronning.
Ein valide sultan hadde, etter det muslimske synet på retten til mødrer, ein legitim rett til å utøva politisk påverkna på styret til riket. Dei fleste validesultanar var formelt sett slavar (saqaliba) frå det keisarlege haremet, som dei var overhovud for. To av dei styrte òg på eiga hand som regentar for riket medan sønene deira var umyndige.
- Valide-sultanar
- 1520–1534 : Ayşe Hafsa Sultan
- 1574–1583 : Nurbanu Sultan
- 1594–1603 : Safiye Sultan
- 1603–1604 : Handan Sultan
- 1617–1618 : Halime Sultan (første gong)
- 1618–1622 : Mahfiruz Hadice Sultan
- 1622–1623 : Halime Sultan (andre gong)
- 1623–1648 : Kösem Sultan (regent)
- 1648–1683 : Turhan Hatice Sultan (regent)
- 1687–1689 : Saliha Dilâşub Sultan
- 1695–1715 : Emetullah Rabia Gülnûş Sultan
- 1730–1739 : Saliha Sultan
- 1754–1757 : Şehsuvar Sultan
- 1789–1805 : Mihrişah Valide Sultan
- 1807–1808 : Ayşe Seniyeperver Sultan
- 1808–1817 : Nakşidil Sultan
- 1839–1853 : Bezmiâlem Sultan
- 1861–1876 : Pertevniyal Sultan
- 1876–1876 : Şevkefza Sultan
- 1876–1904 : Rahime Perestu
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Valide sultan» frå Wikipedia på svensk, den 30. juli 2022.