Vallø Oljeraffineri

Vallø Oljeraffineri var eit oljeraffineri på halvøya Valløy 5 km aust for Tønsberg i Vestfold. Her produserte Esso Noreg, og forgjengarane til selskapet, smøreoljer, asfalt og anna i perioden frå 1905 til 2001. Mot slutten av andre verdskrigen våren 1945 vart anlegget bomba av allierte fly. 53 nordmenn omkom saman med eit ukjent tal tyske soldatar.

Vallø Oljeraffineri

Vallø Oljeraffineri i 1937 Sjå dette på Wikidata
Skipa1905
LandNoreg
Flyfoto frå 1952 som viser Vallø Oljeraffineri og lager saman med arbeidarlandsbyen på halvøya Valløy i noverande Tønsberg kommune.

Historikk endre

 
Vallø Oljeraffineri i 1932. Midt i biletet ser ein pumpehuset og til høgre vaskeri for filterduket. I Valløbukta bak ligg eit kvalkokeri.
Foto: Arkivverket
 
Tankar og bygg ved raffineriet i 1924
Foto: Arkivverket
 
Vallø Oljeraffineri i 1937
Foto: Arkivverket
 
Raffineriet omkring 1960
Foto: Arkivverket

Petroleumsverksemda i Noreg på industristaden Vallø starta då A/S Petroleums- & Maskinoljeraffineriet vart grunnlagt i 1899.[1]

Dette selskapet gjekk konkurs, men A/S Vallø Oljeraffineri vart sett i gang same stad i 1905. Dette var det første anlegget i Noreg for raffinering av råolje til ferdigprodukt som bensin og smøreoljer.[1] Produkta vart distribuerte av Østlandske og Vestlandske Petroleumscompagnier som frå 1919 samarbeidde med Amerikansk Petroleumscompagni og frå 1953 vart samla i eitt selskap under namnet A/S Norske Esso[1] (frå 1999 underlagt Exxon Mobil).

I mellomkrigstida nådde verksemda eit høgdepunkt med over 100 tilsette og arbeidarbustader i landsbyen på Vallø. På det meste budde det omkring 500 personar på staden.

Den 25. april 1945, knappe to veker før freden, vart raffineret, som var kontrollert av tyske okkupasjonsstyresmakter under krigen, angripe av britiske bombefly. Føremålet kan ha vore å ramme oljeforsyningane til tyske ubåtar. Lagertankane ved raffineriet skal likevel nesten ha vore tomme. Bombardementet øydela anlegget, mange av husa omkring, og tapetfabrikken på Vallø. 53 nordmenn og eit ukjent tal tyske soldatar vart drepne. Raffineriet vart gjenreist og heldt fram produksjonen frå 1950.

Etter at Esso-raffineriet på Slagentangen 9 km lenger nord kom i drift i 1961, la raffineriet på Vallø gradvis om, til hovudsakleg å produsera asfalt.[1] Denne produksjonen opphøyrde i 1993.[1] Sidan var staden importterminal for kjemiske produkt og sentrallager for smøreoljer til alle Esso sine bensinstasjonar i Noreg.[1] All verksemd opphøyrde i 2001.

I 2015 byrja arbeidet med å fjerna store mengd miljøfarleg avfall frå den tidlegare smøreoljeproduksjonen ved raffineriet. Fram til 1964 vart det sloppe ut 30 000 tonn giftig syrebek og blekejord (fullerjord), og dei gamle avfallsdeponia omfattar cirka 120 mål. Omkring 200&nbso;000 m³ masse, eller bortimot 2 000 lastebillass, skulle fjernast og reinsast.[2]

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vallø Oljeraffineri