Esso er eit internasjonalt varemerke, nytta av oljeselskapet ExxonMobil og tilknytte selskap. Esso kjem av forkortinga SO for Standard Oil.

Esso


Skipa1911
EigarExxon Mobil Sjå dette på Wikidata
Bransjepetroleumsverksemd
Produktbensin, smøremiddel Sjå dette på Wikidata
LandUSA Sjå dette på Wikidata
HovudkontorIrving i Texas Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://www.esso.com/en
Ein Esso-stasjon i Japan.

Varemerket er mest kjend frå bensinstasjonar. Norske Esso A/S har bygd opp eit stort oljeraffineriSlagentangen ved Tønsberg, det såkalla Essoraffineriet. Systerselskapet Esso Exploration and Production Norway Inc, med hovudkontor i Stavanger, driv med leiting etter og utvinning av petroleumnorsk kontinentalsokkel.

Oljetank for Esso på hamna i Andenes i 2008.

I USA vert mest varemerket Exxon nytta, slik at Esso ikkje er så kjend der. Standard Oil Company opparbeidde seg nærast monopol innan oljeindustrien i USA. Etter fleire rettssaker var selskapet i 1911 delt opp i sju sjølvstendige selskap. Kvart av desse hadde rett til å nytta varemerket "Standard" i ulike delstatar. Standard Oil of New Jersey hadde rettane til New Jersey, i tillegg til Maryland, West Virginia, Virginia, North Carolina, South Carolina, og District of Columbia. Innan 1941 hadde selskapet òg sikra seg rettane i Pennsylvania, Delaware, Arkansas, Tennessee, og Louisiana. I desse statane marknadsførte selskapet produkta sine med varemerket "Esso". Varemerket vart òg nytta i New York og dei seks statane i New England.

I 1974 døypte Standard Oil of New Jersey seg om til Exxon Corporation, og nytta Exxon som varemerke.

I andre land i verda vert varemerka Mobil og Esso nytta, og varemerket Exxon er nær ukjend.