Valtra (tidlegare Valmet) er ein finskprodusert traktor[1]. Valmet OY starta serieproduksjon av traktorar i 1952. Den fyrste traktoren, som hadde typebetegnelsen 15 A, var utstyrt med ein 15 hk bensinmotor. Denne traktoren vart på folkemunne kalla «piggtrådtrekkjaren». I 1955 kom Valmet 20, med ei motoreffekt på 22 hk. Seinare modellar (frå 1957) hadde dieselmotor.

Valtra T170 (2004–).
Valmet 605 (1982–1991)

Utover 1960- og 1970-åra utvikla Valmet mange nye traktormodellar[1]. Dei var tidleg ute med oppvarma og lydisolerte førarhus. I tillegg til landbrukstraktorar utvikla Valmet fleire skogsmaskiner. I 1960 starta Valmet traktorproduksjon i Brasil. Seinare vart det starta monteringsfabrikkar i fleire land. mellom anna i Tanzania.

I 1979 starta Valmet og det svenske firmaet Volvo BM eit samarbeide innan traktorproduksjon og oppretta firmaet Scantrac AB i Eskilstuna i Sverige. Det vart utvikla nye traktormodellar, som vart selde under namnet Volvo BM Valmet. I 1986 kjøpte Valmet alle Volvo sine aksjar i Scantrac og traktorane vart deretter selde under namnet Valmet[1].

I 1994 vart Valmet kjøpt opp av det finske firmaet Sisu. Som ein del av denne avtalen fekk Sisu rett til å nytta Valmet-namnet fram til 2001 og namnet Sisu Valmet var nytta ei tid. I 1997 vart Sisu kjøpt opp av det finske selskapet Partek. I 1998 tok Partek til å kalla traktorane for Valtra Valmet. Valmet hadde heilt frå 60-talet nytta varemerket Valtra for traktormontert reiskap, som gravemaskiner og frontlastarar. Valtra var difor eit velkjent namn i Finland. I 2003 vart Partek kjøpt opp av det finske selskapet Kone, som i 2004 selde Valmet vidare til AGCO, med hovudkontor i Dei amerikanske sambandsstatane.

ReferansarEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 H. Niskanen, Från Munktells till Valtra, Valtra Inc., 2000.

BakgrunnsstoffEndra