Vamma kraftverk
59°32′29.24″N 11°10′12.02″E / 59.5414556°N 11.1700056°E
Vamma kraftverk | |||
| |||
Opna i | 1915 | ||
---|---|---|---|
Stad | Østfold: | ||
Maskininstallasjon | 215 MW | ||
Største utnytta fallhøgd | 28,5 m | ||
Magasinkapasitet | 1275 GWh | ||
Eigd av | Hafslund produksjon | ||
Nettstad | www.hafslund.no |
Vamma kraftverk er eit vasskraftverk i Glomma i kommunane Indre Østfold og Skiptvet i Viken fylke. Kraftverket utnyttar eit fall på 28,5 meter mellom Kykkelsrud og Vamma og er eit elvekraftverk.
Kraftverket blei påbegynt i 1907 av Vamma Fossekompagnie, der Sam Eyde var grunnleggjar, med tanke på å sikre energi til produksjon av kunstgjødsel. Denne produksjonen kom aldri i gang og Hafslund overtok anlegget.
Produksjonen starta i 1915 med to turbinar. Kraftverket er seinare utvida og modifisert ei rekkje gonger og det inneheld i dag ti francisturbinar og ein kaplanturbin. Samla maksimal effekt er 215 000 kW. Kraftverket har ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 1 275 GWh, og er med det Noregs største elvekraftverk, målt i produksjon.
Kraftverket er ått av Hafslund produksjon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Vamma kraftverk» frå Wikipedia på bokmål, den 10. februar 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Hafslund Arkivert 2010-12-18 ved Wayback Machine.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Vamma kraftverk i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren