Vandalar
Vandalar var eit austgermansk folk som ved innleiinga til folkevandringstida levde omkring elvane Oder og Wisla. På 200-talet var dei med i stridar mellom germanarane og romarane. Ei tid slo dei seg ned i Darcia og Pannonia, før dei i år 406 drog over Rhinen og herja Gallia og for vidare inn på Pyrénehalvøya. Her gav vandalane opphav til landskapsnamnet Andalusia.
Frå Andalusia førte kong Geiserik (ca 390-477) vandalane over til Afrika i år 429. Dei hærtok Kartago og plyndra området reint ille. Sidan tok dei Sicilia og andre øyar. I 455 plyndra vandalane Roma.
Riket til vandalane gjekk under på 500-talet.
Annan bruk av ordet
endreEtter plyndringa av Roma 455 har ordet vandal gått inn i språket som eit ord for ein person som gjer hærverk. Uttrykket skal vere laga omkring 1793 av den franske abbeden Grégoire.[1]
Kjelder
endre- Kristen Weierholt i Norsk Allkunnebok (1953)
- Historisk Atlas, Kunnskapsforlaget 2008