Andalucía

(Omdirigert frå Andalusia)

Andalucía (stundom òg skrive Andalusia) er ein spansk autonom region. Han er den folkerikaste og den nest største ut frå areal av dei sytten autonome regionane i Spania. Hovudstaden og den største byen er Sevilla. Regionen er delt inn i åtte provinsar: Huelva, Sevilla, Cádiz, Córdoba, Málaga, Jaén, Granada og Almería.

Andalucía
Flagget til Andalucía Våpenet til Andalucía
Flagget til Andalucía Våpenet til Andalucía
Motto
«Andalucía por sí, para España y la humanidad[1]»
(Andalucía for seg sjølv, for Spania og menneskeheita)
Plassering
Plassering av Andalucía
Plassering av Andalucía
Styresmakter
Land Spania
Provinsar 8
Hovudstad Sevilla
President Juan Manuel Moreno Bonilla
Geografi
Flatevidd 87 268 km²
Innbyggjarar[2]
 - Totalt (2009)
   - folketettleik

8 285 692
  94,9 /km²
Koordinatar 37°23′″N 5°59′″WKoordinatar: 37°23′″N 5°59′″W
Annan informasjon
Postnummer AN
Nettstad: www.juntadeandalucia.es

Andalucía ligg sør for dei autonome regionane Extremadura og Castilla-La Mancha, vest for den autonome regionen Murcia og Middelhavet, aust for Portugal og Atlanterhavet, og nord for Middelhavet, Gibraltarsundet som skil Spania frå Marokko, og Atlanterhavet. Det vesle britiske oversjøiske territoriumet Gibraltar grensar mot den andalusiske provinsen Cádiz i austenden av Gibraltarsundet.

Historie endre

Kategenarane og romarane endre

Då dei fønikiske byane fall vart Kartago den dominerande makta til sjøs i det vestlege Middelhavet og den viktigaste handelspartnaren for dei semittiske byane langs kysten av Andalucía. Mellom den første og andre punarkrigen fekk Kartago kontroll utanfor Andalucía og hadde heile Iberia utanom Baskarland. Andalucía vart utgangspunktet for krigen med romarane leia av Barkid Hannibal. Romarane slo kartagenarane og hærtok Andalucía, som då fekk namnet Baetica.

Vandalar og vestgotarar endre

Vandalane slo seg ei kort stund ned i regionen på 400-talet e.kr. før dei slo seg ned i Nord-Afrika. Etter dei forlét regionen tok vestgotarane over og måtte kjempe mot Austromarriket om kontrollen over området.

Muslimsk periode endre

Umayyad-kalifatet tok Den iberiske halvøya i 711–718 og det vestgotiske styret kollapsa. Berberaren Tariq ibn Ziyad, kjend i spansk historie og segner som Tariq el Tuerto (Tariq den einøygde), var ein Umayyad-general som leia erobringa av det vestgotiske Hispania i 711. Andalusisk kultur er kraftig påverka av over eit halvt tusenår under muslimsk styre i mellomalderen. Historia til Al-Andalus, Andalucía under muslimane, bestod av fleire etterfølgjande islamske statar. Under kalifatet vart namnet «Al-Andalus» nytta om eit mykje større område enn dagens spanske region, og i somme periodar vart det nytta om heile Den iberiske halvøya. Guadalquivirdalen i Andalucía var likevel maktsenter til muslimane på halvøya, med Cordoba som hovudstad. Ei oppdeling av området etter Almanzor førte til ei nedbryting av kalifatet (1031) i mange område. Taifaen i Sevilla var særleg leiande i dette.

Andalucía under Castilla endre

Etter erobringa av Toledo i 1085 av Alfonso VI dominerte dei kristne igjen halvøya. Dei største taifaene måtte difor søkje støtte hjå forskjellige muslimske maktsenter rundt om i Middelhavet. Etter sigeren i Zalaca skapte Almoravid (1086) eit samla Al-Andalus og gjorde Granada til hovudstaden. Dette styrte han til midten av 1100-talet. Dei ulike Taifa-kongedøma vart lagt under han. Ekspansjonen til Almohad i Nord-Afrika svekte Al-Andalus. Slaget ved Las Navas de Tolosa (1212), markerte byrjinga på slutten for Almohad-dynastiet. Då Almohad kollapsa og fleire Taifa-kongedøme vart oppretta, vart gjenerobringa av områda lett og snøgg for dei kristne lenger nord. Cordova vart erobra i 1236 og Sevilla i 1248. Gjenerobringa av Granada i 1492 sette ein strek for det muslimske styret i på Den iberiske halvøya.

3. august 1492 forlét Columbus byen Huelva Palos de la Frontera og la ut på den første ekspedisjonen som førte til oppdaginga av Amerika. Mange frå Andalucía deltok i ekspedisjonen som enda mellomalderen og markerte starten på den moderne tidsalderen. Kontakt mellom spanjolane og Amerika, inkludert vedlikehald av kolonaie til slutten av kolonitida, skjedde nesten utelukkande gjennom Andalucía. Dette var ein periode med prakt og oppsving for regionen, som vart den rikaste og mest kosmpolitiske i Spania og ein av dei viktigaste på verdsbasis.

Adminsitrativ inndeling endre

Provins Hovudstad Folketal
Almería Almería 635 850
Cádiz Cádiz 1 180 817
Córdoba Córdoba 788 287
Granada Granada 882 184
Huelva Huelva 483 792
Jaén Jaén 662 751
Málaga Málaga 1 491 287
Sevilla Sevilla 1 813 908
 
Eit kart over provinsane i Andalucía.

Andre byar i Andalucía er:

Kultur endre

Musikk endre

Musikkstilen og dansen flamenco kjem frå denne regionen. Improviserte flamencosongar frå Andalusia, kalla cante hondo, blir framførte av éin songar med mykje ornamentikk og noterepetisjon, men med lite rytme.

Mat endre

Det andalusiske kjøkenet er prega av sjømat med mykje fisk og skaldyr. Det finst òg mange lokale søtsaker, som pestiños, frityrsteikte kaker bada i honning, småkakene alfajores og mandelmakronane amarguillos.

Sherry og gazpacho kjem frå Andalusia.

Språk endre

Spansken ein snakkar i Amerika er nært i slekt med den andalusiske dialekten fordi Sevilla var eit viktig utgangspunkt for den spanske koloniseringa av verdsdelen på 1500- og 1600-talet.

Kjelder endre

  1. «Himno y escudo». Junta de Andalucia. 
  2. «Official Population Figures of Spain. Population on the 1 January 2009» (PDF). Instituto Nacional de Estadística de España. Henta 27. september 2009. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Andalucía