Vandalar

Vandalar var eit austgermansk folk som ved innleiinga til folkevandringstida levde omkring elvane Oder og Wisla. På 200-talet var dei med i stridar mellom germanarane og romarane. Ei tid slo dei seg ned i Darcia og Pannonia, før dei i år 406 drog over Rhinen og herja Gallia og for vidare inn på Pyrénehalvøya. Her gav vandalane opphav til landskapsnamnet Andalusia.

Vandal alan kingdom 526.png

Frå Andalusia førte kong Geiserik (ca 390-477) vandalane over til Afrika i år 429. Dei hærtok Kartago og plyndra området reint ille. Sidan tok dei Sicilia og andre øyar. I 455 plyndra vandalane Roma.

Riket til vandalane gjekk under på 500-talet.

Annan bruk av ordetEndra

Etter plyndringa av Roma 455 har ordet vandal gått inn i språket som eit ord for ein person som gjer hærverk. Uttrykket skal vere laga omkring 1793 av den franske abbeden Grégoire.[1]

KjelderEndra

ReferansarEndra

  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.