Vandalisk
Klassifisering: Germansk
 Aust-germansk
Bruk
Utdøydd: 500-talet
Språkkodar
ISO 639-3: xvn

Vandalsk var eit germansk språk som truleg var nært i slekt med gotisk. Vandalane busette seg i det sørlege Spania i følgje med andre germanske og ikkje-germanske folk (visigotarar, alanar og fleire), før dei flytta til Nord-Afrika, til området kring Kartago, i 429.

Ein veit svært lite om det vandalske språket utover at det var austgermansk, og i slekt med gotisk. Ein kjenner berre nokre få personnamn frå språket. Eit fragment av vandalsk kan vere gitt att i eit latinsk verk om krigen mot germanarane; her finn vi orda «eils» (krigsropet 'heil') og «scapia matzia ia drincan» ([lat oss] 'skaffe mat og drikke').[1]

Kjelder: endre

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.