Vanguard 1 er ein amerikansk satellitt som vart skoten opp den 17. mars 1958. Dette var den fjerde kunstige satellitten som vart skoten opp av menneske og den andre satellitten som vart skoten opp av amerikanarane, etter Explorer 1. Vanguard 1 er òg den eldste satellitten som framleis går i bane rundt jorda.[1]

Modell av Vanguard 1

Kroppen til Vanguard 1 var ei aluminiumkule med ein diameter på 16,5 centimeter og som vog 1,47 kilogram.

Vanguard 1 hadde med seg to termistorar for å måla den indre temperaturen for 16 dagar, slik at isolasjonen til satellitten kunne testast. Satellitten hadde òg seks 30 centimeter-antenner som vart nytta i hovudsak for sporing og for sending av tekniske data, men òg for å kunna rekna ut den totale mengda av elektron mellom satellitten og bakkestasjonane.[2]

Vanguard 1 hadde éin sendar som vart driven av eit kvikksylvbatteri, og éin sendar driven av seks 5 × 5 cm solseller monterte utanpå satellitten. Den batteridrivne sendaren slutta å fungera i juni 1958 då batteria gjekk tomme. Den soldrivne sendaren fungerte fram til mai 1964, då det siste signalet vart motteke i Quito i Ecuador. Etter dette vart satellitten spora optisk frå bakken.[2]

I byrjinga vart det estimert at Vanguard 1 ville halda seg i bane kring jorda i 2 000 år, men det vart oppdaga at strålingstrykket frå solljoset og atmosfærisk drag endra nok på banen til Vanguard 1 at han truleg berre vil halda seg i bane i kring 240 år.[2]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Spacecraft Engineering Department:Vanguard I the World's Oldest Satellite Still in Orbit, arkivert frå originalen 19. september 2008, henta 28. november 2007 
  2. 2,0 2,1 2,2 Vanguard 1 - NSSDC
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.