Vanleg grøndusk
Vanleg grøndusk er ein fleirårig grønalge som veks i Atlanterhavet, Austersjøen og Middelhavet. Han er vanleg langs heile kysten i Noreg.[2] Planten veks på berg og steinar.
Vanleg grøndusk | |
Vanleg grøndusk | |
Status | |
Status i Noreg: | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Chlorophyta |
Underrekkje: | Chlorophytina |
Klasse: | Ulvophyceae |
Orden: | Cladophorales |
Familie: | Cladophoraceae |
Slekt: | Cladophora |
Art: | Vanleg grøndusk C. rupestris |
Vitskapleg namn | |
Cladophora rupestris |
Utsjånad
endrePlanten er 5–20 cm høg, noko stiv, mørkegrøn og særleg rikt utstyrt med greintafsar. Forgreininga er tett, og greintafsane kan vere korte eller lange og retta til ulike sider. Tafsane er bygd av trådar av sylindriske celler i enkel rad.
Utbreiing
endreVanleg grøndusk er registrert i Austersjøen, Nordsjøen og Nord-Atlanteren og i Middelhavet, og i desse landa: Polen, Nederland, Belgia, Frankrike, Storbritannia, Irland[3] og Noreg.
Førekomst i Noreg
endreEin kan finna arten på 15-20 m djupn, men han er elles typisk for grunt vatn der han går inn som undervegetasjon i sagtangbeltet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vanlig grønndusk» frå Wikipedia på bokmål, den 2. september 2012.
- Floraen i farger 2, Arne Pedersen og Jørgen Vasshaug, H. Aschehoug & Co. ( W. Nygaard ).
- Referansar
- ↑ Husa V, Eilertsen M, Langangen A, Schneider S og Steen H (24. november 2021). «Alger: Vurdering av vanlig grønndusk Cladophora rupestris for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.
- ↑ Marinespecies.org