Vansbro kommun

kommune i Dalarna len i Sverige

Vansbro kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til fem andre kommunar i Dalarnas län, Mora kommun i nord, Leksands kommun i nordaust, Gagnefs kommun i aust, Ludvika kommun i sør og Malung-Sälens kommun i vest. I tillegg grensar han til Filipstads kommun i Värmlands län i sørvest. Administrasjonssenteret i kommunen er Vansbro.

Vansbro kommun
kommune
Kommunevåpen
Land  Sverige
Len Dalarnas län
Landskap Dalarna
Del av Dalarna, Q61606311, Q61606759
Centralort Vansbro
Areal 1 667,17 km²
 - land 1 548,70 km²
 - vatn 118,47 km²
Folketal 6 959
Folketettleik 4 / km²
Kart
Vansbro kommun
60°31′00″N 14°13′00″E / 60.516666666667°N 14.216666666667°E / 60.516666666667; 14.216666666667
Wikimedia Commons: Vansbro Municipality
Nettstad: www.vansbro.se

Vansbro kommun har eit kupert og skogkledd landskap med mykje myrmark. Västerdalälven renn gjennom kommunen, som er ein jord- og skogbrukskommune.

Administrativ historikk endre

Dei tre kommunane Järna, Nås og Äppelbo vart ikkje påverka av den fyrste landsomfattande kommunereforma i 1952, men heldt i staden fram som eigne kommunar til den andre kommunereforma i 1971. Då vart dei slått saman til Vansbro kommun, med namn etter administrasjonssenteret Vansbro (som var municipalsamhälle frå 1911 til 1960).

Kommunevåpenet endre

Blasonering: På blå bakgrunn, ei øks og eit sverd i kross, med eit jernmerke i den øvre krossvinkelen, alt i gull..[1]

Alle dei tre tidlegare einingane som i 1971 oppretta kommunen hadde, som mange andre i Dalarna, eigne heraldiske våpen. Ein valde i byrjinga å bruke alle tre med eit blått band som bakgrunn. I 1986 vart det noverande våpenet registrert i Patent- och registreringsverket. Det inneheld element frå alle dei tre tidlegare våpena.

Tettstader endre

Det er fire tettstader i Vansbro kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1. Vansbro 2 030
2. Järna 1 429
3. Nås 455
4. Äppelbo 261

Kjelder endre

Fotnote endre

  1. «I blått fält en yxa och ett svärd i kors, i övre korsvinkeln åtföljda av ett järnmärke, allt av guld.».