Opna hovudmenyen

Ludvika kommun

kommune i Dalarna len i Sverige

Ludvika kommun er ein kommune i Dalarnas län i Sverige. Kommunen grensar til ni andre kommunar, både i Dalarnas län, Värmlands län og Örebro län. Administrasjonssenteret i kommunen er Ludvika.

Ludvika kommun
kommune
Ludvika stadshus okt 2013.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Len Dalarnas län
Landskap Dalarna
Centralort Ludvika
Areal 1 657 km²
 - land 1 499 km²
 - vatn 158 km²
Folketal 25 425
Folketettleik 17 / km²
Ludvika Municipality in Dalarna County.png
Wikimedia Commons: Ludvika Municipality
Nettstad: www.ludvika.se

Kommunen ligg i den austlege delen av Bergslagen. Landskapet er kupert med skog i dei høgare partia. I søraust finn ein meir oppdyrka mark, og myrlandskap i vest. Industrien er allsidig med mellom anna transformator- og høgspenningsapparat-produksjon. Det er også bryggjeriverksemd i Grängesberg.

Administrativ historikkEndra

Eit municipalsamhälle med namnet Ludvika vart oppretta i 1901 i Ludvika kommun. I 1915 braut ein del ut av landskommunen for å danne Ludvika köping, som berre fire år seinare vart Ludvika stad. I det som var att av Ludvika landskommun og i Norrbärke kommun hdde det i 1918 vorte innlemma eit nytt municipalsamhälle med namn Marnäs. I 1925 vart dette innlemma i Ludvika stad. Etter ei tid med mange endringar låg kommuneinndelinga i området fast og vart ikkje påverka av kommunereforma i Sverige i 1952. Men Ludvika landskommun vart innlemma i byen i 1963. I 1971 vart Ludvika kommun oppretta gjennom samanslåing av byen, Grangärde landskommun og Säfsnäs landskommun.

KommunevåpenetEndra

Blasonering: På blå bakgrunn, ein sølvstraum med eit gamalt teikn for torevêr på, på kvar side ei [fransk] lilje av gull.[1]

Våpenet vart i 1920 fastsett av kongen for Ludvika stad. Straumen og torevêrsymbolet symboliserer Ludvika ström og kraftutvinninga. Liljene kjem frå våpna til slektene Lillie og Cedercreutz. Ludvika bruk hadde på 1600-talet vore eigd av Axel Lillie. Då kommunen vart oppretta i 1971 vart det avgjort at han skulle overta byvåpenet, og det vart registrert i Patent- och registreringsverket i 1974. Dei tidlegare landskommunane som gjekk inn i den nye kommunen hadde hatt sine eigne våpen, og desse vart ugyldige.

TettstaderEndra

Det er tolv tettstader i Ludvika kommun.

Tettstadene i tabellen er ordna etter innbyggjartal per 31. desember 2005. Administrasjonssenteret er utheva.

Nr. Tettstad Folketal
1 Ludvika 14 018
2 Grängesberg 3 532
3 Sörvik 718
4 Fredriksberg 717
5 Nyhammar 686
6 Saxdalen 615
7 Sunnansjö 557
8 Blötberget 448
9 Håksberg 439
10 Gonäs 366
11 Grangärde 346
12 Persbo 343

KjelderEndra

FotnoteEndra

  1. «På blått fält en bandvis ställd ström av silver, belagd med en antik åska av fältets färg samt åtföljd på vardera sidan av en lilja av guld».