Opna hovudmenyen

Vanylven kyrkje er ei langkyrkje frå 1864 i Vanylven kommune, Møre og Romsdal fylke. Den er hovudkyrkja for Vanylven sokn og ligg på Slagneset.

Vanylven kyrkje
kyrkje
Vanylven kyrkje.jpg
Foto: Henny Stokseth
Stad Slagneset i Vanylven
Arkitekt Georg Andreas Bull
Teknikk Mur
Material Stein
Innvigd 1864
Sitjeplassar 320
Wikimedia Commons: Vanylven kirke

Arkitekt var Georg Andreas Bull.

Delar av inventaret, mellom anna den gamle kyrkjeklokka, vart flytta frå kyrkja på Åheim, St. Jetmunds kyrkje. Bygget fekk nytt skifertak i 1868 og har pipeorgel kjøpt i 1908. Ny kyrkjeklokke vart kjøpt etter at den gamle vart øydelagt i 1892. Sidan 1952 er det oppført nytt sakresti og våpenhuset har blitt reparert.

Byggverket er i stein og har 320 plassar.[1]

KjelderEndra

  1. Kyrkjebyggdatabasen: Vanylven kyrkje lese på nett 18.april 2013.

BakgrunnsstoffEndra