Departementet Var

franske departement
(Omdirigert frå Var)
For elva med det same namnet, sjå Elva Var
Var
Våpenskjoldet til Var
Plassering
Plasseringa til Var i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 83
Region: Provence-Alpes-Côte d'Azur
Préfecture: Toulon
Sous-préfectures: Brignoles
Draguignan
Arrondissement: 3
Kantonar: 23
Kommunar: 153
Président du conseil général: Jean-Louis Masson
Statistikk
Folketal Rangering 21.
 -1999 898 441
Folketettleik: 150/km²
Landareal¹: 5 973 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Var er eit departementet søraust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur, kalla opp etter elva med same namn.

Historie endre

Var er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Provence. I 1860 vart distriktet rundt Grasse, som elva Var renn igjennom, overført til det nye departementet Alpes-Maritimes. Dette er årsaka til at elva som gav namn til departementet, ikkje renn gjennom det.

 
Kysten av Var nær Six-Fours-les-Plages.

Geografi endre

Departementet er i dag ein del av regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur og grensar til departementa Alpes-de-Haute-Provence i nord (elva Verdon dannar grensa), Alpes-Maritimes i aust, Middelhavet i sør og til Bouches-du-Rhône i vest.

Var er ein variert region på nesten 6 000 km² som inneheld fjell, kyst, sletter og dalar. I nord ligg Gorges du Verdon, eit svært populært område for turgåing og kajakkpadling.

Jordbruk endre

800 km² eller 13 % av det totale arealet vert nytta til jordbruk, som gjev 38 000 innbyggjarar arbeid. Departementet har òg 10 km² med hageområde. Var er den største produsenten av snittblomar i Frankrike, og produserer 500 millionar stilkar i året Buskapen består hovudsakleg av sau (50 000 dyr) og geiter (4 200 dyr). Vinranker dekkjer 345 km² av jordbruksområdet, og dei 4 AOCane (appelation d'origine controlleé) produserer 150 millionar liter vin i året.

Andre viktige jordbruksprodukt er oliven (42 km², ein fjerdedel av alle olivenlundar i Frankrike), fiken (80 % av den totale produksjonen i Frankrike) og honning (800 tonn i året).

Jordbruket gjev eit overskot på 610 millionar euro kvart år, der 45 % av salet er vin og 42 % gartneriprodukt.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Departementet Var