Varanger Samiske Museum

Varanger Samiske Museum, nordsamisk Várjjat Sámi Musea, forkorta VSM, er eit samisk museum som ligg i Varangerbotn i Nesseby kommune i Aust-Finnmark. Museet dokumenterer og formidlar den sjøsamiske kulturhistoria i Varanger, samisk forhistorie og samisk samtid. Museet blei oppretta i 1983 og har sidan 2012 vore ein del av Tana og Varanger Museumssiida.

Varanger Samiske Museum

Frå utstillinga i museet.
Skipa1983
Kart
Varanger Samiske Museum
70°10′21″N 28°33′37″E / 70.17239167°N 28.56033056°E / 70.17239167; 28.56033056
Skallar av brunt og kvitt leggskinn av rein, laga i 2000 av Gunhild B. Sara Buljo i Kautokeino, utstilt i Varanger samiske museum.

Hovudbygget til museet blei sett opp i 1994 og er bygga etter tradisjonell samisk byggeskikk og landskapet som ligg rundt. Hovudbygget inneheld basisutstillinga «Sjøsamene» og barnerommet «Stállobiedju» ('stallo-hiet'), og dessutan mellombelse utstillingar av ulik type. Museet har òg kafe, museumsbutikk og turistinformasjon, og dessutan eit uteområde med mellom anna fuglekikkarskjul og leikeplass. Museet fungerer òg som kulturhus for lokalbefolkninga.

Museet forvaltar òg Mortensnes kulturminneområde (nordsamisk Ceavccageađge) som omfattar ein kultursti med samiske hustufter, graver og offerplassar og ein infohall.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre