Tine er varemerket og logoen til Tine BA (tidlegare Norske Meierier). Varemerket er ei stilisert tine.

Fram til for ikkje lenge sidan var Tine BA so å seia eineherskarar på den norske mjølkemarknaden. Dei er framleis det dominerande meieriet i Noreg, men butikkhyllene kan by på alternativ når det skal handlast varer som jus, mjølk, ost og yoghurt. Tine BA marknadsfører varene sine med varemerket og logoen Tine.

Synnøve Finden-striden endre

Tine sin brå slutt på monopol førte kanskje til at det var litt fristande å halda andre aktørar ute frå marknaden. Dét var tilfelle i saka om Synnøve Finden-osten. Det kom i desember 2004 fram at Tine hadde sagt ja til eit forslag frå daglegvarekjedene ICA og REMA 1000 om at desse mot betaling frå Tine (16 millionar kroner til ICA, ein ukjend sum til REMA 1000) skulle la vera å ta inn ost frå den konkurrerande produsenten Synnøve Finden i butikkane sine i 2005. På grunn av dette fekk Tine i september 2005 ein millionbot av Konkurransetilsynet for å ha misbrukt den dominerande stillinga dei hadde i marknaden.

Bakgrunnsstoff endre