Half Moon Island er ei lita øy i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis som ligg 1,35 km nord for Burgas PeninsulaLivingston Island i området kring Den antarktiske halvøya. Ho har eit areal på 51 hektar.[1]

Half Moon Island
øy
Half Moon Island frå Kuzman KnollLivingston Island, med Greenwich Island i bakgrunnen.
Land  Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Del av Sør-Shetlandsøyane
Stad Antarktis
 - koordinatar 62°35′30″S 59°55′15″W
Areal 51 ha
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Half Moon Island
62°35′30″ S 59°55′15″ W
Plasseringa til Half Moon Island in the Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Half Moon Island in the Sør-Shetlandsøyane.
Plasseringa til Half Moon Island in the Sør-Shetlandsøyane.
Half Moon Island is located in Antarktis
Half Moon Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Half Moon Island
Kart over Half Moon Island.

Det er ein større hekkstad for ringpingvinar på Half Moon Island, samt hekkande isterner og taremåse. Ein kan ofte sjå kval utanfor øya.

Den argentinsk stasjonen Cámara Base ligg på øya. Marinebasen er stundom i drift på sommarstid, men er lukka om vinteren.

Øya er ofte stoppestad for cruiseskip i Antarktis. Flest turistar vitjar området mellom november og mars, då pingvinane parar seg, egga klekkar og kyllingane byrjar å vekse.[2]

I september 2010 la Google til Street View-bilete av Half Moon Island til Google Earth og Google Maps.[3]

Det går ein 2000 meter lang stig sør på øya. Stigen vert nytta av turistar som vitjar øya for å kome nærmare dyrelivet. Ein har òg utsyn til dei nærliggande øyane Livingston Island og Greenwich Island.

Bilete endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4
  2. Ward, Paul (2001). «Antarctic Cruise and Travel Guide - Page 1 - The Basics». Cool Antarctic. 
  3. «Official Google Blog: Explore the world with Street View, now on all seven continents». Google. 30. september 2010. Henta 2. oktober 2010. 

Bakgrunnsstoff endre