Andrej Rjabusjkin

Andrej Petrovitsj Rjabusjkin (russisk: Андрей Петрович Рябушкин; (29. oktober 186110. mai 1904) var ein russisk kunstmålar. Hovudverka hans tek føre seg livet til vanlege russarar i det 17. hundreåret.

Andrej Rjabusjkin

Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 17. oktober 1861
Borisoglebsk Uyezd
Død

27. april 1904 (42 år)
Guvernementet Novgorod

Yrke kunstmålar
Språk russisk
Andrej Rjabusjkin på Commons
Andrej Rjabusjkin, av Vasilij Mathe

Barndom. Læreår endre

Rjabusjkin vart fødd i landsbyen Stanikhnaja sloboda i Borisoglebsk-distriktet, Tambov-guvernementet i 1861. Far hans og ein bror var ikon-målarar, og frå sin tidlege barndom tok han til med å hjelpe dei. Fjorten år gammal vart han foreldrelaus. Ein student ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur, A. K. Preobrazjenskij, budde ein sommar i landsbyen. Studenten kom til å sjå nokre teikningar som guten hadde laga og var storleg imponert av dei. Han begynte å gje guten læretimar og hjelpte han med å få tilgang til Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Rjabusjkin var ein av dei yngste studentane ved skulen nokon gong.

Rjabusjkin hadde tilhald på kunstskulen i sju år (1875-82), og lærte av Vasilij Perov og Illarion Prjanisjnikov. Det første større verket hans, Bondebryllaup, vart kjøpt av kunstsamlaren Pavel Tretjakov i 1880. Etter Vasilij Perovs død, flytta Rjabusjkin til St. Petersburg i 1882. Der begynte han på St. Petersburgs kunstakademi, han gjekk i lære hos Pavel Tsjistjakov. Tidleg vart han misnøgd med undervisninga. Han begynte å bruke meir og meir tid i akademiets bibliotek, eller han var ute i gatene og laga skisser.

Nedtakinga frå krossen, 1880

Russiske studiar endre

Studiane ved kunstakademiet vart avslutta i 1892. Han fekk ikkje pris for diplom-arbeidet sitt, Nedtakinga frå krossen, slik det vart venta, ettersom han ikkje følgde det godkjente prosjektet. Verket var likevel så omtykt at formannen ved kunstakademiet, storhertugen Vladimir Konstantinovitsj, av eigne midlar utstyrte Rjabusjkin med eit stipend så han kunne reise og studere utanlands.

I staden for å fare til Italia eller Paris, valde Rjabusjkin å legge ut på ein tur til gamle russiske byar (Novgorod, Kiev, Moskva, Uglitsj, Jaroslavl). Innbyggarar i desse byane vart hans første modellar og hans første kritikarar. Han studerte den gamle arkitekturen, drag ved folkekunsten og kunsthandverk, gamle våpen, stoff, veggteppe, broderi, ikonar, mm. Han las gamle bøker, samla folkeminne.

Rjabusjkin tok del i vandreutstillingar med Peredvizjnikij-gruppa i 1890, 1892 og 1894, men braut seinare med rørsla.

Illustratør. Kyrkjekunst endre

I mange år leverte Rjabusjkin illustrasjonar (teikningar og akvarellar) til ulike russiske tidsskrift. Han arbeidde også med freskar til St. Sofija-katedralen i Novgorod og med mosaikk til Oppstode-kyrkja i St. Petersburg (1897-1900). 24 av mosaikkane hans finst på veggane i Oppstode-kyrkja (17 inne og sju ute).

I 1890-åra budde og arbeidde Rjabusjkin på eigedomen til venen V. F. Tymenev i byen Lubvino (St. Petersburg-guvernementet). I 1901 bygde han atelier i landsbyen Didvino nær ved Lubvino, og nær ved eigedomen til venen I. Beljajev.

Russiske kvinner av det syttande hundreåret i kyrkja, 1899

Tema i kunsten endre

Rjabusjkin sine måleri er i hovudsak vigd det 1600-talet. For to av verka: Russiske kvinner av det syttande hundreåret i kyrkja og Kjøpmannsfamilien fekk målaren prisar ved verdsutstillinga i Paris i 1900. Etter 1900 vart Rjabusjkin oppteken av i livet til samtidige, russiske bønder. Døme på denne interessa ser ein i måleri som Tedrikking og Ein ung mann vert med i jentene sin dans.

Grundige historiestudiar gjorde måleria til Rjabusjkin svært truverdige, men dei vekte ikkje noko begeistring hos hans samtidige. Ulikt Vasilij Surikov, som nytta dramatiske, historiske hendingar til emne, måla Rjabusjkin kvardagslivet på 1600-talet. Verka hans manglar handling, dei skildrar ikkje sosiale konfliktar, det demokratane likte. På den andre sida er dei ikkje så vakre at dei fall i smak hos dei rike og konservative. Ingen visste heilt å plassere Rjabusjkin sine måleri og fann rett og slett ikkje å kunne akseptere dei.

I 1903 vart Rjabusjkin diagnostisert med tuberkulose. Han reiste til Sveits for å få medisinsk hjelp og pleie, utan at det hjelpte. Han døydde i atelieret sitt i Didvino.

Tedrikking, 1903

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre