Vassenden i Hyllestad
Vassenden er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 18.[2][3]
Vassenden | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Kommune | Hyllestad | ||
Postnummer | 6958 SØRBØVÅG[1] | ||
Gardnummer | 18[2][3] | ||
Ferdselsårer | 607[4] | ||
Geografi
endreVassenden ligg ved utlaupet til Ramsgrøvatnet og grensar i nord og vest til Ramsgrø og til Øn i aust og sør.[3] Fylkesveg 607 går over garden.
Historie
endreGarden vart skilt ut frå Øn i 1873 og hadde før det vore husmannsplass. Ein veit sikkert at det har budd folk på Vassenden sidan 1700-talet, men det kan ha budd folk der også før.
Garden har heile tida vore einbølt.[3]
Namnet
endreGardsnamnet kjem av at garden ligg ved enden av Ramsgrøvatnet.[3]
Vassenden er brukt som gardsnamn fleire andre stader i landet.
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Vassenden» i 1986.[5]
Gardsnamnet vert også brukt som slektsnamn.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Vitja 5. desember 2010
- ↑ 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Vitja 5. desember 2010
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Inger Kellmer (1990). «Vassenden : Gnr. 18». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 160. ISBN 8299219817.
- ↑ «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)». Vitja 5. desember 2010
- ↑ «yr.no». Vitja 5. desember 2010
Vidare lesnad
endre- Inger Kellmer (1990). «Vassenden : Gnr. 18». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 160-164. ISBN 8299219817.