Ramsgrø i Hyllestad
Ramsgrø er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 15.[2][3]
Ramsgrø | |||
stad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Sogn og Fjordane | ||
Kommune | Hyllestad | ||
Postnummer | 6958 SØRBØVÅG[1] | ||
Gardnummer | 15[2][3] | ||
Ferdselsårer | 607[4] | ||
Geografi
endreRamsgrø ligg ved Ramsgrøvatnet og tunet ligg på vestsida.[3] Fylkesveg 607 (tidlegare Riksveg 607) går mellom vatnet og tunet. Garden grensar til Trøsdalen i vest, til Ulvika, Vassenden og Øn i sør, til Hydalen i aust og til Liane og Horne i nord.[3]
Historie
endreGarden har heile tida vore einbølt. På slutten av 1800-talet var det ein husmannsplass kalla Indre Ramsgrø under garden. Han vart fråflytt grunna steinsprang.[3]
I 1919 vart Ramsgrø bedehus (Hornedalen bedehus) sett opp på garden.[5]
Namnet
endreFyrstelekkjen «rams» kjem av planta ramsløk, medan andrelekkjen tyder 'ein grøn stad mellom fjell', eller å spire, gro.[3]
I kjeldene er namnet skrive «Ramßgrødt» (1603 og 1608), «Ramßgrøe» (1667) og «Ramsgrøe» (1723).[6]
Ramsgrø er brukt som gardsnamn også i Kvinnherad kommune, dessutan er det brukt som stadnamn fleire andre stader i landet, mellom anna på eit bruk under garden Flatabø inst i Fyksesund i Kvam herad.
Statens kartverk godkjende skrivemåten «Ramsgrø» i 1986.[7]
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Postnummerkart på nettstaden til Posten». Vitja 4. desember 2010
- ↑ 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv». Vitja 4. desember 2010
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Inger Kellmer (1990). «Ramsgrø : Gnr. 15». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 126. ISBN 8299219817.
- ↑ «Nettstaden visveg.no (Statens vegvesen)». Vitja 4. desember 2010
- ↑ «Per Bygnes: «Ramsgrø bedehus»». Vitja 4. desember 2010
- ↑ «Oluf Rygh: «Ramsgrø» i Norske Gaardnavne».
- ↑ «yr.no». Vitja 4. desember 2010
Bakgrunnsstoff
endre- Inger Kellmer (1990). «Ramsgrø : Gnr. 15». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 126-132. ISBN 8299219817.
- «Ramsgrø» i Gardsleksikonet på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv
- «Ramsgrø» i matrikkelutkastet av 1950
- «Ramsgrø» i gardsmatrikkelen for 1886