Vastveitloftet er ein norsk kulturhistorisk bygning på friluftmuseet Skansen i Stockholm. Dette stabburet, som er Skansen sin eldste bygning, er òg det einaste huset til museet som opphavleg ikkje kjem frå Sverige. Fram til år 1900 stod Vastveitloftet på tunet til garden Vasstveit i Flatdal i Telemark. Vastveitloftet, som er delt i to etasjar, er bygd av lafta tømmer. Dei eldste delane er frå 1300-talet. Da Skansen sin grunnleggjar, Artur Hazelius, hausten 1874 oppheldt seg i Noreg, vitja han mellom anna Vasstveit.[1] Huset vart kjøpt inn til Skansen i 1901 etter diskusjon mellom Hazelius og konservator ved Norsk Folkemuseum, Hans Aall.[2] Stabburet vart frakta fyrst med hest gjennom Telemark, så med båt til Kristiania og vidare til Stockholm med tog.

Vastveitloftet på Skansen

Kjelder endre

  1. Arnö-Berg Inga, Biörnstad Arne: Skansens hus och gårdar, Nordiska mus., Stockholm 1980 (swe), s. 504-508. ISBN 91-7108-186-0. Libris 7603610. 
  2. Schmidt Galaaen, Tove. «Kolleger og konkurrenter : Den tidlige kontakten mellom Norsk Folkemuseum og Nordiska museet» (PDF). By og bygd, 2012, nr. 44. Henta 11 juli 2015. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Vastveitloftet
  • Stigum, Hilmar: Vastveitloftet, Fataburen, Stockholm 1948 (swe), s. 19-34. Libris 10571034. 

59°19′44.08″N 18°06′24.19″E / 59.3289111°N 18.1067194°E / 59.3289111; 18.1067194