Vats kyrkje

kyrkje i Vindafjord kommune

Vats kyrkje er ei langkyrkje i Vindafjord kommune i Rogaland. Byggverket er i kvitmåla tre og har 534 plassar. Ho blei bygd i 1855 etter teikningar av Hans von Linstow.[1] Kyrkja blei innvigd 24. oktober 1855 av biskop Jacob von der Lippe.[2]

Vats kyrkje
kyrkje
Foto: Jarle Vines
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Stavanger
Prosti Haugaland
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow
Material Tre
Innvigd 1855
 - Endringar Restaurert i 1940 og i 2008
Klokker to
Kyrkjegard Det er kyrkjegard ved kyrkja
Kart
Vats kyrkje
59°29′33″N 5°43′41″E / 59.49250389°N 5.72793194°E / 59.49250389; 5.72793194
Wikimedia Commons: Vats kyrkje

Kyrkja i Vats ligg ved Vatsvatnet, i midten av bygda. På staden kjenner ein til at det har vore minst to kyrkjer før. Kyrkja som vart riven kort tid etter at den noverande stod klar vart bygd rundt 1640. Kyrkja som stod her før dette var truleg ei stavkyrkje.

Kyrkjeklokkene, altarsølvet, ei lysekrone og anna inventar blei flytta frå den gamle til den nye kyrkja. Også døypefonten i kleberstein, den restaurerte altartavla og biletet "Stokkatavla" frå 1600-talet er sette inn i den noverande kyrkja. Kyrkja har to kyrkjeklokker som vert ringde manuelt. [3] Ei av klokkene er frå middelaldaren, men ikkje den andre fordi den er utbytt.[1] Den gamle står til utstilling i andre etasje i våpenhuset.

I 1940 blei det lagt til eit tilbygg i austenden av kyrkja som rommar prestesakristi og dåpssakristi.[2]

I 1955 blei hundreårsjubileet til kyrkja markert med nytt golv, nye benker og kyrkja vart måla innvendig. Noko av det gamle inventaret blei også restaurert og tilbakeført til kyrkja. [2]

Til 150-årsjubilèet i 2005 blei kyrkja måla både på inn- og utsida, ein sette og opp ny trapp i naturstein. Bygdefolket utførte hundrevis av dugnadstimar. I 2007 blei så innsida av sakristiet fornya.[2]

Kjelder endre

  1. Kyrkjesøk
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Vats kyrkje, Vatsnett.com, henta 8. januar 2017 
  3. Vats kyrkje, vindafjord.kommune.no, arkivert frå originalen 9. januar 2017, henta 8. januar 2017 
4. Vårt land http://www.vl.no/kultur/sjekk-om-din-kirke-har-klokke-fra-middelalderen-1.897811

Bakgrunnsstoff endre


  Denne arkitekturartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.