Vefsn Mållag

Vefsn Mållag vart stifta 10. oktober 1899 som Mosjøen og Vefsen Maallag. Laget er direkte innmeldt i Noregs Mållag.

Laget hadde 46 medlemmar i 2019[1], 52 i 2021.[2]

ForløparEndra

Det første sporet etter eit mållag i Vefsn finn vi i 1870, og laget blei truleg stifta sist i 1860-åra. Sentral i arbeidet den gongen var lensmann C.M. Havig. Ein annan inspirator kan ha vore lærarskolestyrar Johannes Belsheim, han var ei tid i 1860-åra styrar av Vefsn seminarium i Mosjøen, og i 1864 heldt han 17. mai-talelandsmål i Vefsn. Styret i dette mållaget var lensmann C.M. Havig, gardbrukar Jakob Hansson, Bjørnålia, og gardbrukar Lars Benjaminsson, Eiterholmen. Dette mållaget gjekk inn etter få år.

LagsarbeidEndra

Den fyrste formannen var lærar og seinare stortingsmann Anton Mikal Bjørnaali. I 1906 var laget med å etablere Kaffistova i Mosjøen, ein etestad som mållaget i dag eig i lag med Hålogaland Ungdomslag. Mållaget var sentralt i arbeidet for å etablere ei bygdesamling i Vefsn, og laget har av den grunn ein medlem i styret for Vefsn Museum.

Gjennom vel hundre år har arbeidet for nynorsk mål i skule, kyrkje og samfunn vore sentrale arbeidsfelt. Meir generell folkeopplysing har i periodar vore like så viktig for laget.

I 1947 vedtok soknerådet etter opptak frå Vefsn og Mosjøen at det skulle vere 10 nynorske gudstenestar i Dolstad kyrkje.[3]

Vefsn mållag har i mange år arbeidd for at foreldre skulle velje nynorsk for ungane som byrja på skolen.[4]

I 1902 blei Vefsn og Mosjøen Kvinnemållag skipa, og dette var enno i drift i 1923.[5]

Lagsnamnet var Vefsn og Mosjøen mållag fram til kommunesamanslåinga i 1965. På årsmøtet 18. februar 1966 blei lagsnamnet endra til Vefsn mållag.[6]

I 1975 arrangerte Vefsn mållag landsmøte for Noregs Mållag.[7]

Leiarar i Vefsn mållagEndra

For åra 1899 - 1925 er leiarrekkja ikkje heilt fullstendig. Desse har vore leiarar i laget frå 1899:[8][9]

  1. Anton Mikal Jakobsen, 1899, 14.oktober [10]
  2. 1900-1907: manglar namn
  3. Kristian Audne, 1907[10] og 1909, 29. desember (attvald)
  4. 1910-1912: manglar namn
  5. Jakob Sverdrup, 1912, 2. mars, attvald
  6. 1913-1916: manglar namn
  7. Petter Benum, 1916, 15. januar og 1918[11]
  8. Odin Benum, 1920[12] og 1922[13]
  9. Anders Svare, 19231924[14]
  10. Asgeir Øyen, 1925
  11. Martin Langseth, 1927
  12. Kristian Tustervatn, 1928[15]
  13. Ola Nergård, 1929[16]
  14. Oddbjørg Kulstad, 1930[17]
  15. Odin Benum, 19311936[18]
  16. Bjarne Spjelkavik, 1937[19]
  17. Reidar Svare, 1938
  18. Ola Nergård, 19391945
  19. Asbjørn Hundåla, 1946
  20. Anders Sausjord, 19471948
  21. Leiv Nes, 19491950
  22. Alf Hamnes, 19511952
  23. Ragnar Remmen, 19531954
  24. Kristian Halse, 1955
  25. Magnus Utgard, 1956
  26. Kåre Vikdal, 19571959
  27. Erling Lyftingsmo, 19601963
  28. Åse Floa Steinrud, 19641968[20]
  29. Rolf Nesje, 19691972[21]
  30. Åslaug Mjøs, 1973–1976[22]
  31. Elin Skintveit Larsen, 1976–1979
  32. Ingen leiar vald på årsmøtet 1979[23]
  33. Per Smørvik, 1980–1981
  34. Sigrun Nicolaisen, 1982–1983
  35. Alv Helge Skeie, 1984
  36. Per Sjåvik, 1985–1986
  37. Lyngve Nesje, 1987-1991
  38. Unn Herringbotn, 1992
  39. Magnar Stølen, 1993-1996?[24][25]
  40. Åse Floa Steinrud, 1997-1999[26][27][28]
  41. Kristian Halse 2000-2001[29][30]
  42. Magnus Utgard, 2002-2004[31][32]
  43. Knut Skorpen, 2005-2007[33][34][35]
  44. Magnar Stølen, 2008-2010?[36][37]
  45. Villy Nordmo, 2013?-2021[38]
  46. Randi Einrem, 2021-

LitteraturEndra

FotnotarEndra

  1. Årsmelding Noregs Mållag 2018-2020, side 74
  2. Melding frå Erik Grov i Noregs mållag 23.2.2022
  3. Norsk Tidend 25.9.1947
  4. Nordlands Avis, fredag 8. november 1974
  5. Roger Lockertsen: «Nordnorsk målreising 1848-1945», i Tove Bull og Kjellaug Jetne: Nordnorsk. Språkarv og språkforhold i Nord-Noreg. Det Norske Samlaget. Oslo 1982
  6. Nordlands Avis 25.2.1966
  7. Nordlands Avis, fredag 22. mars 1974
  8. Kjell Øksendal (1997) «Vefsn - målbastion i nord» i Far etter fedrane 1990. Utgitt av Vefsn Museum, 1989
  9. Helgeland Arbeiderblad, 20. oktober 1969: «Formenn i Vefsn mållag opp gjennom åra» (1927-1969)
  10. 10,0 10,1 Helgeland Arbeiderblad, 5. oktober 1949: «Frå Mållagets 50-årsfest»
  11. "Årsmelding for 1918 for Vefsn og Mosjøen mållag" (NM-arkivet)
  12. "Årsmelding for 1920 for Vefsn og Mosjøen mållag" (NM-arkivet)
  13. "Årsmelding for 1922 for Vefsn og Mosjøen mållag" (NM-arkivet) Sjå referat frå årsmøtet 1922 i Nordlands Avis, lørdag 4. februar 1922
  14. Sjå referat frå årsmøtet 1923 i Helgelands Blad, fredag 23. mars 1923
  15. "Årsmelding for 1927 for Vefsn og Mosjøen mållag", datert 29.3.1928 (NM-arkivet)
  16. Årsmelding for 1928 for Vefsn og Mosjøen mållag", datert 10.2.1929 (NM-arkivet). Sjå også referat frå årsmøtet 10.2.1929 i Nordlands Avis, 19.2.1929 nb.no
  17. Årsmelding for 1930 (eigentleg 1929) for Vefsn og Mosjøen mållag", datert 14.2.1930 (NM-arkivet). Sjå også referat frå årsmøtet 1930 i Nordlands Avis, fredag 14. februar 1930 [1]
  18. Sjå referat frå årsmøtet 1931 i "Nordlands Avis", 6.2.1931 nb.no, frå årsmøtet 1933 i d.s., 21.2.1933 nb.no, frå årsmøtet 1934 i d.s. 20.4.1934 [2], frå årsmøtet 1935 i d.s., 1.2.1935 nb-no
  19. Sjå referat frå årsmøtet 1937 i Helgeland Arbeiderblad, tirsdag 23. mars 1937 [3]
  20. Sjå referat frå årsmøtet 18.2.1966 i "Nordlands Avis", 25.2.1966, og referat frå årsmøtet 1968 i d.s., 1.3.1968
  21. Sjå Nordlands Avis 30.5.1969 [4] og Nordlands Avis 1.7.1971 [5] og Nordlands Avis 15.7.1972 [6]
  22. Sjå Nordlands avis 9.4.1974
  23. Helgeland Arbeiderblad, tirsdag 13. februar 1979: "Fem skal leie Vefsn mållag" [7]
  24. Helgeland Arbeiderblad, onsdag 10. mars 1993: "Nytt frå Vefsn mållag" (årsmøte 17.02.93) [8]
  25. Helgeland Arbeiderblad, fredag 22. april 1994: "Nytt om nynorsk" (årsmøte 16.02.94) [9]
  26. Helgeland Arbeiderblad, mandag 24. mars 1997: "Godt år i mållaget" (årsmøte 17.03.97) [10]
  27. Helgeland Arbeiderblad, onsdag 25. mars 1998: "Tusenlapp som gulrot" (årsmøte 23.03.98) [11]
  28. Helgeland Arbeiderblad, onsdag 24. mars 1999: "Belønnet for å skrive nynorsk" (årsmøte 22.03.99) [12]
  29. Helgeland Arbeiderblad, onsdag 22. mars 2000: "Får penger for å ha lært nynorsk" (årsmøte 20.03.2000): "Styret skal sjølv konstituere seg, inntil det skjer er mållaget utan formell leder." [13]
  30. Helgeland Arbeiderblad, fredag 2. juni 2000: "Flinke forfattarar" (prisutdeling ved leiaren i Vefsn mållag, Kristian Halse), [14]
  31. Helgeland Arbeiderblad, mandag 6. mai 2002: "Språkmøte i mållaget": "Magnus Utgard vart vald som ny leiar i Vefsn mållag på årsmøtet nyleg, etter Kristian Halse." [15]
  32. Helgeland Arbeiderblad, onsdag 26. mars 2003: "Pris til målungdom": "På årsmøtet vart Magnus Utgard attvald som leiar." [16]
  33. Helgelendingen, 15.juni 2005 (Knut Skorpen, leiar)
  34. Helgeland Arbeiderblad, fredag 10. november 2006: "Vel nynorsk i skolen" Av: Knut Skorpen, Vefsn mållag.
  35. Helgelendingen, 11. september 2007 (Knut Skorpen, leiar)
  36. Helgeland Arbeiderblad, måndag 28. april 2008: "Flinke skrivarar" Av: Magnar Stølen.
  37. Helgeland Arbeiderblad, fredag 12. mars 2010: "Attval i mållaget": " (…) Magnar Stølen attvald som styreleiar".
  38. Helgeland Arbeiderblad, tysdag 12. november 2013: "Inviterer til Aasen-kveld": " (…) leder i Vefsn mållag, Villy Nordmo".