Kistebrev, på dansk kalla kistebillede, på svensk kistbrev, var eit enkelt utført og billeg eitbladstrykk som var limt under eit kistelokk eller brukt som veggdekorasjon. Slike trykk var særleg populære i Skandinavia i perioden frå 1700 til 1850. Då blei dei masseproduserte som dekor, folkeopplysing og underhaldning for vanlege menneske. Kistebreva var oftast tresnitt trykt i svart-kvitt og handkolorerte. Dei bestod av eitt eller fleire bilete med ein forklarande tekst på prosa eller vers. Motiva var gjerne i naivistisk, forenkla og dekorativ stil med border og strekar. Dei kunne visa bibelske og historiske scener, portrett, allegoriske, satiriske, eventyrlege, preikande eller kvardagslege framstillingar. Mange av motiva var kjende over heile Europa og blei kopierte og tilpassa lokale tilhøve.

Dansk, handkolorert, satirisk kistebrev (Kistebillede) frå 1770-talet av «Den Stormægtigste Dronning Caroline Mathilde til Hæst», kledd som ein mann, og livlegen til den danske kongen Johann Friedrich Struensee i fengsel. Frå Det Kongelige Biblioteks samling.

Kistebrev skal ikkje ha vore like vanlege i Noreg som i Danmark og Sverige der det var ein stor eigenproduksjon og dei blei vidt utbreidde i det gamle bondesamfunnet.

Historikk

endre
 
Der Brieffmaler frå Jost Amman si Ständebuch, eit «yrkesoversyn» frå 1568. «Brevmålaren» var ein type illustratør som utforma og handkolorerte trykksaker som kalendrar, spelkort, kistebrev og andre eittbladstrykk, ofte ved hjelp av trestempel i tresnitt-teknikk.
 
Dansk kistebrev av «Kong Salomons Dom imellem tvende Skjøger». Frå Samlinga til det Kongelege Bibliotek.
 
Del av eit engelsk himmelbrev frå 1700-talet, eit personleg brev som skal vera frå Gud eller Jesus og inneheld moralske formaningar og lovnader om lukke.

Dei nordeuropeiske kistebreva har røter tilbake til mellomalderen; allereie på 1400-talet blei det laga enkle tresnitt som pynt, blant anna av helgenar. Slike eittbladstrykk blei utførte av «brevkunstnarar» ved at både bilete og tekst blei skorne ut i ei og same tretavle og trykt som blokktrykk. Men dette var neppe «folkekunst» - til det var både handverket, papir og ikkje minst pergament endå altfor dyrt. Likevel skulle tidlege tyske, italienske og franske trykk påverka populære biletsjangrar i seinare tider, særleg etter at boktrykkarkunsten blei oppfunnen i Europa på 1450-talet og den tekniske utviklinga etter kvart gjorde mangfaldiggjering billegare og meir utbreidd. Ein spesiell type bøker frå denne tida er blokkbøkene. Dei var sette saman av nettopp einsidige enkeltbladtrykk med lett forståelege, ofte handkolorerte illustrasjonar.

Med oppfinninga av koparstikk på 1400-talet fekk dei enkle mellomalderbileta andre kunstneriske kvalitetar. Koparstikk-teknikken med sine fine linjer og skraverte gråtonar fekk likevel snart høgare status enn tresnittet. Då produksjonen av koparstikk auka utover på 1600-talet, blei tresnitt i endå større grad vurdert som enkle bilete framstilt ved små verkstader. Likevel er det døme på koparstikk brukt som dekor på kisteinnsider allereie på 1500-talet. Det har òg vore folkelege kistebrev framstilt av gamle, kasserte koparstikk.

Ein kunne kjøpa kistebilde på marknader, i buer, trykkeri - eller i kyrkjer når det var religiøse motiv. I katolske land kunne dei til dømes vera bevis på tildelt avlat.

Trykka blei limte til innsida av loket på folk sine trekister til oppbevaring av klede og tekstilar. Opphavleg var det kanskje meint som vern, seinare berre som dekor. Sidan blei bileta òg hengde på veggen.

Billege «folketrykk» i form av tresnitt var vanlege i Tyskland på 1600-talet, men det er uklart kva tid skikken kom til Norden. Truleg skjedde det òg på 1600-talet. I Danmark blei det frå cirka 1700 mote å lima fast tresnittbilde på innsida av kistelok. Seinare blei dei òg nytta som veggpryd; dette skjedde i Noreg frå slutten av 1700-talet. Opphengde kistebrev brukt som juledekorasjonar blei i Sverige kalla julark, julbrev og julpapper; slike kunne hengjast opp og bli sette saman i store lengder. Då Det Berlingske Bogtrykkeri blei skipa i København på 1730-talet hadde det lenge vore ein omfattande dansk kistebrevproduksjon i tillegg til import frå Tyskland. I Sverige kom skikken først til Skåne, men det eldste daterte bildet er trykt i Stockholm i 1718. Rundt midten av 1700-talet sokk likevel populariteten til kistebreva i midtre delar av Sverige, medan det skjedde ei ny oppbløming sørpå i landet. Der blei det oppretta nye bok- og kistebrevtrykkeri, blant anna C. G. Berlings trykkeri i Lund. Gøteborg og andre byar fekk bildetrykkeri litt etter, ofte med innkjøpt material frå Danmark. På 1800-talet blei Växjö sentrum for produksjonen av kistebrev i Sverige. Tidlegare skal det ha blitt framstilt særleg mange bilete i Jönköping og Borås.

litografi og fargetrykk kom på 1850-talet mista kistebrevet popularitet, og forsvann frå marknaden i løpet av dei neste tiåra.

Tyding

endre

Som det meste av massekulturen, byrja òg dei fargerike kistebrevea som eit motefenomen i tonesetjande miljø, men utvikla seg sidan til ein breiare folkekultur. Denne fekk etter kvart låg status blant den skolerte makteliten; det stiliserte formuttrykket i kistebildene var «enkelt och konstlöst», innhaldet popularisert og det generelle inntrykket billeg og etter kvart gammaldags. Like fullt har trykka vore statusobjekt i fleire samfunnsgrupper. Slike bilde har dessutan vore den einaste bildekunsten folk flest i bygder og mindre byar fekk sjå, bortsett frå kyrkjekunsten, og som dei sjølv kunne eiga. Sjølv om trykka ikkje på nokon måte var kunstgrafikk, kunne nokre av dei òg ha kunstneriske kvalitetar. Dei var ei kjelde til glede og underhaldning i ein bildefattig kvardag, og gjorde i tillegg nytte som formidlar av nyhende og «forbilledlig moral». Kistebrevene har òg vore eit hjelpemiddel for å læra å lesa. Målet var altså å «synliggöra kristen tru, beskriva, hylla, smycka och undervisa».[1] I ettertid har dei først og fremst kulturhistorisk verdi.

Kistebreva har hatt ulike nemningar etter korleis dei blei brukte. I 1947 skreiv Randi Asker artikkelen «Danske tresnitt og kistebrev i Norge» i By og Bygd, Norsk Folkemuseum si årbok, etter å ha undersøkt kister på museet. Der innførte ho nemninga «kistebrev» i Noreg, og forskarar har sidan teke denne i bruk. Kistebrev kan på norsk òg bli kalla kistebilde etter det danske kistebillede som er dokumentert i skrift frå 1789.[2] På dansk har òg nemninga kisteblad vore brukt. På svensk blir trykka vanlegvis kalla kistbrev eller kistebrev. På svensk kunne dei òg kallast julark, julbrev eller julpapper. Eldste kjende bruk av kistebref i skrift er frå 1847.[3] Den tyske nemninga skal vera Kistenbriefe, den engelske broadsheets og den russiske lubok (fleirtal lubki).

Samlingar i dag

endre

Sjølv om kistebreva i si tid var svært populære fleire stader, er dei fleste borte i dag. I skandinaviske museum er det likevel fleire samlingar, blant anna ved Norsk Folkemuseum[4] i Oslo og Det Kongelige Bibliotek[5] i København. Andre danske samlingar finst i Nationalmuseet, Frederiksborg Slot, Dronningens Håndbibliotek, Dansk Folkemindesamling og Museet på Gottorp Slot i Slesvig. I Nordiska museet i Stockholm er det òg «originalstokkar», det vil seia trykkplater, til kistebrev. Også Kungliga biblioteket og andre har registrert fleire kistebrev.[6][7]

Kistebrevene blei gjenoppdaga på 1900-talet, og nokre av motiva skal ha blitt trykte opp på nytt i moderne tid.

Døme

endre

Liknande biletsjangrar og populærkultur

endre
Sjå eigne artiklar om lubok og Bilderbogen
 
Lubok, folkeleg eitbladstrykk frå Russland, frå 1600-talet. Motivet viser Baba Jaga, ridende på ein gris, i basketak med Krokodil. Tradisjonelle lubki er russiske motstykke til dei nordeuropeiske kistebreva.

Lett forståelege bilderykk for folk flest har eksistert i ulike variantar og under ulike namn over heile Europa.

Av biletsjangrar og visuell populærkultur som liknar på kistebrev, kan ein nemna den russiske tradisjonen med lubok frå 1600- til 1800-talet, og tyske Bilderbogen («bildeark») eller neuruppinarar og dei tilsvarande franske Imaga d'Épinal («bilde frå Épinal»), som òg kom som fargelitografi. I japansk kunst- og kulturhistorie har ukiyo-e, masseproduserte trykk med populære sjangermotiv, spelt ei liknande rolle i same periode.

Også folkebøker og skillingstrykk er i nær slekt med kistebreva; innhaldet var populært, forma lett tilgjengeleg og utbreiinga tidvis stor. Også flygeblad, mindre eittbladstrykk med ulikt innhald, har vore spreidde i store opplag, ikkje sjeldan med nyhende i ei tid før aviser var vanlege. Flygeblada kunne bestå av berre tekst eller òg ha illustrasjonar.

Sjå òg

endre
  • Bilderbogen, tysk nemning for billege bildeark frå 1700-1900-talet
  • Lubki, billege, folkelege, russiske bilettrykk frå 1600-1900-talet
  • Ukiyo-e, masseproduserte japanske tresnitt (og måleri) med motiv frå kvardagslivet, 1700-1900-talet
  • Auca, populær, katalansk bildeforteljing
  • Blokktrykk, eittbladstrykk (tidlege tresnitt)
  • Skillingstrykk, billege trykk med populære forteljingar, skillingviser m.m.
  • Flygeblad, enklare eittbladstrykk med eller utan illustrasjonar
  • Plakat, plansje, glansbilete
  • Folkebøker, billege, populære billigbøker utgjeven frå 1400- til 1800-talet
  • Kitsj, billeg, masseprodusert «liksom-kunst»
  • Illustrasjon, sjangerbilete
  • Himmelbrev, eit personleg brev frå Jesus eller Gud med formaningar og lovnader, populært som motiv på kistebilde
  • Sarkofagtekstane, religiøse «kistetekster» frå oldtidens Egypt

Litteratur

endre
  • Asker, Randi (1947): Danske tresnitt og kistebrev i Norge.(By og bygd nr. 5, Norsk Folkemuseums årbok 1947, s. 77-102) Oslo

Referansar

endre
  1. Kort om svenske kistebrev, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 8. juli 2021 
  2. Oppslagsordet «Kistebillede» i Ordbog over det danske Sprog
  3. Oppslagsordet «kistbrev» i Svenska Akademins Ordbok
  4. Norske kistebrev i digitaltmuseum.no
  5. 5,0 5,1 Det Kongelige Biblioteks nettutstilling av danske kistebrev 1650-1870
  6. Kungliga biblioteket om svenske kistebrev, arkivert frå originalen 25. juni 2011, henta 8. juli 2021 
  7. Nordiska museet om kistebrev, arkivert frå originalen 2. juli 2007, henta 8. juli 2021