Hannah Ryggen (fødd 21. mars 1894 i Malmö som Jönsson, daud 2. februar 1970 i Trondheim) var ein svenskfødd norsk tekstilkunstnar som blir rekna blant dei fremste vevkunstnarane i Noreg. Hennar banebrytande innsats endra rolla til biletvev frå dekorativt kunsthandverk til ekspressiv biletkunst. Vi lever på en stjerne (1958), eit av hovudverka hennar som hengde i vestibylen i Høgblokka i Regjeringskvartalet i Oslo, blei skadd av bombeåtaket 22. juli 2011.

Hannah Ryggen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mars 1894
Malmö
Død

2. februar 1970 (75 år)
Trondheim

Yrke tekstilkunstnar
Ektefelle Hans Ryggen
Hannah Ryggen på Commons
Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim har den største samlinga av Ryggen sin kunst.

Det meste av det skapande livet sitt, frå 1924 til 1957, heldt ho til i kystkommunen Ørland i Sør-Trøndelag. Der budde ho på småbruket Ryggen saman med ektemannen Hans Ryggen, som sjølv var ein anerkjend målar, og dottera Mona.

Ryggen var kompromisslaus og subjektiv både i tilnærminga si til det handverksmessige ved bileta, og i dei sosiale og politiske synspunkta sine.

Ho var lidenskapeleg anti-fascist, anti-militarist, feminist og humanist. Arbeida hennar er blitt kalla «sensasjonell tendenskunst»[1] og sagt å uttrykkja «en varm humanisme og en følelsesmessig deltagelse i samtidens problemer».[2]

Liv endre

Hannah var eit av dei tre barna til kokka Karna Jönsson og verkstadsarbeidaren Gunnar Jönsson, som var tidlegare sjømann. Foreldra var høvesvis 40 og 29 år gamle då Hannah vart fødd. Ho merkte tidleg ei lyst til å verta skapande kunstnar, men valde likevel først eit anna, tryggare yrke. Ho arbeidde som lærer i 11 år, frå ho var 19 til ho vart 30 år gammal, ved Johannesskolan i Lund og ved Pildammskolan i Malmö. Ho mistreivst som lærar. Medan ho framleis var lærar søkte ho privat teikne- og måleundervising, først hjå ein tidlegare lærer og seinare i seks år hjå den danske målaren Fredrik Krebs i Lund. Hannah reiste kvar veke mellom Malmö og Lund for å følgja undervisinga til Krebs. I denne tida stilte ho etter kvart ut og selde fleire bilete. Ho knytte òg ein livsvarig venskap med det barnlause ekteparet Krebs.

Sommaren 1922 fekk ho eit stipend, og saman med oppsparte midlar var dette nok til at ho kunne reisa ut i Europa for å sjå kunst. I Dresden tok ho inn på pensjonat Wagner, og møtte tilfeldigvis to norske målarar då ho gjekk inn i feil rom. Dei to norske målarane, ein av dei var Hans Ryggen frå Ørland, tok ho med på nattevandring i parken Grosser Garten, langs innsjøen Carolasee. Før kvelden var omme hadde Hannah og Hans trulova seg med kvarandre. Ho vitja han på Ørlandet sommaren 1923, og dei gifta seg hjå byfogden i Oslo i september 1923. Då var allereie dottera Mona undervegs. I 1924 braut ho opp frå lærargjerninga og heimbyen, og flytta til «stugan» på Ryggen.

 
Landskap i Ørland. Garden Ryggen ligg nær vegkrysset til venstre. Huset til Hans og Hannah blei rive i 1978.

Småbruket Ryggen var på 19 mål.[3] På denne plassen hadde dei, ved sida av kunstnargjerninga, husdyr heilt fram til 1945: ku, hest, sau, gjæser og høns.[4] Plassen fekk innlagt straum først i 1944, og hadde heller ikkje innlagt vatn.

Det er ingen grunn til å oppfatta staden og paret som isolert. Paret las aviser, tidsskrift og bøker, og var engasjert opptekne av kunst i samtida, samfunn og politikk – noko som vert gjenspegla i Hannah sin kunst. Ho heldt kurs i veving og plantefarging fleire stadar i regionen, og paret hadde vanleg omgang med naboane og med dei kondisjonerte i bygda. Etterkvart fekk dei eit vidt kontaktnett av kunstnarkollegaer og kunstvener i inn- og utland.[5]

Andre verdskrigen var ei prøvande tid på fleire måtar. Ørland var sterkt påverka av krigen, med militær flyplass, stort tysk troppenærvær og fleire fangeleirar med russiske og serbiske krigsfangar. Hans Ryggen var med på motstandsarbeid, og smugla våpen. Han blei arrestert natt til 27. mai 1944, og halden fanga først på Falstad, seinare i Grini fangeleir og dei siste månadene i ein arbeidsleir på Mysen før han kom heim 11. mai.

Tilhøvet til dottera Mona (fødd i 1924) var vanskeleg. Dottera hadde epilepsi, treivst lite på heimstaden og kan truleg ha følt seg annleis som dotter av eit kunstnarpar.[6] Kombinasjonen av sjukdomen og eit komplisert tilhøve mellom mor og dotter prega heile den vesle familien. Temaet er handsama i destillert form i Hannah sitt teppe Mors hjerte (1947) som blir skildra som «Historien om en ung mor som midt i sin lykke rammes av en stor sorg - det hender noe med barnet og hennes hjerte slås i stykker».[7]

Hans Ryggen døydde i desember 1956.[8] Paret hadde då blitt einige om å flytta til Trondheim. Hannah hadde fått fleire monumentaloppdrag som ikkje lét seg utføra med den vevstolen og det arbeidsrommet ho hadde tilgang til på heimgarden. Ho flytta til Trondheim tidleg i 1957, fann ei leilegheit på Lada og fekk eit arbeidsrom for veven i Sukkerhuset i E.C. Dahls bryggeri på Kalvskinnet. Her arbeidde ho først med Vi lever på en stjerne til Regjeringsbygningen.

Hannah Ryggen fekk statleg kunstnarløn frå 1962. Same året hadde ho ei særs godt vitja utstilling på Moderna museet i Stockholm, og blei vald inn som medlem av Kungliga Akademien för dei fria konsterna. I 1964 blei ho, som første tekstilkunstnar gjeve høve til å stilla ut ved Haustutstillinga. I 1965 blei ho utnemnd til riddar av første klasse av St. Olavs Orden.

I samband med at ho i 1965/66 arbeidde med monumentalteppet Trollveggen til ein stor møtesal i eit nytt bygg på Blindern, budde ho ein kort periode i Oslo, og hadde atelier i Oslo rådhus. Ho mistreivst i hovudstaden og vende heim til Trøndelag våren 1966. Dei siste åra av livet hadde ho eit atelier på loftet i Trondheim katedralskole. Trondheimsfotografen Thor Melhuus tok i 1969 ein mykje brukt serie portrett og studium av ho i arbeid med veven, som var fotografert i dette atelieret. Allereie hausten 1965 hadde ho hatt eit første «bu-oppgjer», og gjeve bort fleire teppe til museum: Teppet Grini, frå fangenskapet til ektemannen, blei gjeve til Trøndelag Kunstgalleri, som ho også tidlegare hadde gjeve mange av hans bilete. Ved same høve fekk Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum fekk 7 teppe.[9]

Ryggen hadde svekka helse dei 4-5 siste åra av livet, og blei for alvor sjuk jula 1969 medan ho vitja dottera Mona i Sverige. Ho døydde til slutt på Regionsjukehuset 2. februar 1970 etter nokre vekers sengeleie. Det siste biletet ho nådde å fullføra stod framleis i veven då ho døydde. Det er eit kvinnehovud, som tydeleg liknar på ho sjølv, mot ein varm raud botn. Ho blei gravlagd ved sida av mannen på Ørland kyrkjegard.

Arven etter Hannah Ryggen endre

 
Gravstaden til Hannah og Hans Ryggen på Ørland kyrkjegard

Ekteparet er gravlagt på Ørland kyrkjegard. Etter ønske frå familien er grava vigd lita merksemd.

I 1994 blei det reist eit minnesmerke over Hannah og Hans Ryggen ved Brekstad hamn. Minnesmerket er ein statue utført av Astrid Dahlsveen, og førestiller paret og dottera i ein båt, inspirert av motivet på biletteppet 6. oktober 1942.

Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum i Trondheim har den største samlinga av kunsten til Ryggen. Saman med arbeid av Synnøve Anker Aurdal og Benny Motzfeldt har hennar arbeid vore utstilte i den permanente utstillinga til museet Tre kvinner – Tre kunstnere sidan 1998. Museet har hatt store utstillingar om ho i 1970 (minneutstilling), 1994 (jubileumutstilling) og 2008 («Engasjert kunst», saman med Elisabeth Haarr). Ei byste av Hannah Ryggen frå 1962, utført av Edith Aas, finst saman med eit utval teppe i museumsavdelinga Hannah Ryggen-senteret, som blei opna i det nye Ørland kultursenter i februar 2009.

Kjelder endre

  1. sitat frå Steen, s. 7
  2. sitat frå Brun, s. 121
  3. Les om gården på Yrjar heimbygdslags hjemmeside Arkivert 7. mai 2005 på Wayback Machine.Wayback MachineArkivert 7. mai 2005 på Wayback Machine.
  4. Næss s. 46 seier 1945, andre kjelder seier 1946
  5. Det vesle teppet Hane av gammel vane (1935) blei vove som eit peik til sorenskrivarfullmektigen, som skal ha vore for opptatt av å oppvarte ungjenta i bygda til at han hadde tid til å vitja familien Ryggen.
  6. Kilde for tolkning av forholdet til datteren er Næss, s. 86–89
  7. Karakteristikken av Mors hjerte er henta frå Steen, s. 35
  8. Kvelden før Hans døde hadde Hannah nettopp fullført et nytt teppe, og klippet dette ned fra veven.
  9. Kilde: Gjelsvik, s. 233.

  • Denne artikkelen bygger på «Hannah Ryggen» frå Wikipedia på bokmål, den 11. juni 2019.
  • Glenny Alfsen og Hjørdis Danbolt «Hannah Ryggen» I: Norsk kunstnerleksikon; bd 3. Universitetsforlaget, 1986. ISBN 82-00-06810-2
  • Hans-Jakob Brun. «Maleriet 1940-1980» I: Norges kunsthistorie; bd 7; Inn i en ny tid. Gyldendal, 1983. ISBN 82-05-12271-7
  • Alf Bøe. «Kunsthåndverk og kunstindustri 1914-1940» I: Norges kunsthistorie; bd 6; Mellomkrigstid. Gyldendal, 1983. ISBN 82-05-12270-9
  • Astrid Dahlsveen. «Hannah og Hans Ryggen : ørlendinger og verdensborgere» I: Årbok for Fosen, 1995
  • Hjørdis Danbolt. «Hannah Ryggen» I: Norske klassikere. Tiden, 1985. ISBN 82-10-02680-1
  • Magni Moksnes Gjelsvik. Hannah og Hans Ryggen, deres eventyrlige liv og kunst. Trondheim, 1993 ISBN 82-91295-01-8
  • Tore Gjelsvik, Magni Moksnes Gjelsvik. The tapestries of Hannah Ryggen. Trondheim, 1999 ISBN 82-992129-7-9
  • Hannah Ryggen. Utgitt av Nordenfjeldske kunstindustrimuseum, 1968
  • Jubileumsboken : Hannah Ryggen 100 år: 1894 – 1994. Redigert av Randi Nygaard Lium. Tapir, 1996. ISBN 82-519-1226-1
  • Randi Nygaard Lium. Ny norsk billedvev : et gjennombrudd. Huitfeldt, 1992. ISBN 82-7003-108-9
  • Inga E. Næss. Vi lever på ei stjerne. Samlaget, 2002 ISBN 82-521-6066-2
  • Marit Paasche Hannah Ryggen Pax 2016
  • Tora Sandal. «Billedveversken Hannah Ryggen» I: Nordenfjeldske kunstindustrimuseum Årbok 1946
  • Sissel Ree Schjønsby. «Hjertet, øynene, hendene – Hannah Ryggen 100 år» I: Kunsthåndverk, nr 2, 1994
  • Albert Steen. Hannah Ryggen – en dikter i veven. Kunstindustrimuseet i Oslo / Aschehoug, 1986. ISBN 82-03-15377-1
  • Marius A. Øvrehus. «Mennesket i veven» I: Z : filmtidsskrift, nr 2, 1997 (Anmeldelse av filmen «Mennesket i veven»)