Frederikke «Frida» Bolette Hansen (8. mars 185512. mars 1931) var ein norsk biletvevar, med tekstilarbeid i art nouveau/jugendstil.[1] Ho er karakterisert som ein brubyggar mellom norsk og europeisk biletvev, og fleire av hennar vevkomposisjonar vert rekna blant dei beste som er laga innan nyare europeisk tekstilkunst.[2] Ho vart tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1915.

Frida Hansen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mars 1855
Hillevåg
Død

12. mars 1931 (76 år)
Oslo

Yrke tekstilkunstnar
Frida Hansen på Commons
Melkeveien av Frida Hansen. 1898

Arbeid av Frida Hansen er i eige hos ei rekkje musé, blant anna hos Nasjonalmuseet i Oslo, Jugendstilsenteret i Ålesund, Drammens Museum, Stavanger kunstmuseum, KODE i Bergen, Nordiska museet i Stockholm, Victoria and Albert Museum i London og Museum für Kunst und Gewerbe i Hamburg.

Yngre år endre

Frida Hansen var dotter av Mathilde, fødd Helliesen (1824–1915), og Peter Sickerius Petersen (1811–1875). Faren dreiv saman med broren Frederik Petersen det kjende handelshuset Køhler & Co, som var eit av dei største i Stavanger.[1] Frida og dei to eldre systrene hennar voks opp i Stavanger. I vintermånadene budde familien i sentrum, medan dei heldt til sommarmånadene på den storslegne eigedomen til familien i Hillevåg. Familien tilhøyrde utan tvil det øvste sosiale sjiktet i Stavanger.

Skulegang fekk Frida på Frøken Wieses jenteskule, og då ho tidleg fatta interesse for kunst, gav foreldra ho høve til å gå i måle- og teiknelære hos m.a. Kitty Kielland, Elisabeth Sinding og Johan J. Bennetter. Utanlandsstudiar skulle ho få etter attenårsdagen sin. Men før den tida vart Frida forlova med Wilhelm Severin Hansen (1842-1919), bror til malaren Carl Sundt-Hansen, son av disponenten for handelshuset Ploug & Sundt.

I 1874 vart bryllaupet feira med pomp og prakt. Same år vart Wilhelm disponent for Ploug & Sundt. Allereie året etter døydde far til Frida, og Wilhelm Hansen vart dermed òg leiar for handelshuset Køhler & Co. Dei nygifte flytta inn i Køhlerhuset i Hillevåg.[3] Dei fekk to døtrer og ein son, samstundes som dei utvida gardsdrifta, bygde skule for barna til dei tilsette barn og bygde på hovudhuset med ein ekstra etasje. I denne perioden kan ein enno ana Frida Hansens kunstneriske interesser, både i form av medlemskap i ulike kunstsamskipnader, men òg – og kanskje først og fremst – gjennom hagen på Køhlereigedommen. Det vert fortalt om sjeldne og eksotiske planter, innhegningar med påfuglar og papegøyar, akvarium med skjelpadder og rare fiskar. Hagen vart halden open for publikum.[4]

Utover 1870-talet opplevde verda ei stor økonomisk krise som av historikarar ofte vert kalla den lange depresjonen. Stavanger var inkje unntak. Sjølv om byen hadde opplevd konjunkturomslag tidlegare, viste denne krisen seg vanskelegare å koma seg ut av. Dette gjaldt òg for familien Hansen. Feilinvesteringar gjorde at begge handelshusa gjekk konkurs i 1883, og familien måtte straks forlata eigedomen i Hillevåg.

Saman med mora, systera Marie og dei tre borna flytta Frida til Nedre Strandgate 25. Der livnærte dei seg på den vesle livrenta etterlaten til systera, medan Wilhelm drog utanlands for å søkja arbeid i den veksande gruveindustrien. I løpet av dei første to åra etter konkursen mista Frida og Wilhelm både sonen og den eine dottera. Frida starta leitinga etter eit inntektsgjevande arbeid. I folketeljinga i 1885 står ho oppført med broderiforretning i første etasje i Strandgata.[5]

Til broderiforretninga fekk Frida Hansen ein gong eit gammalt åkle til reparasjon. Ho var frå før kjent med dei gamle norske vevnadane, spesielt gjennom svogeren Carl Sundt-Hansens samling. Åkleet som vart innlevert til forretninga hennar, begeistra ho. Då kvinnesakskvinna Randi Blehr ikkje lenge etter tok initiativ til eit kurs i Sogn i dei gamle vevteknikkane, med Kjerstina Hauglum som lærar, vart Frida Hansen med. Her fekk ho kunnskap om den tradisjonelle oppstadveven, som ho straks skaffa seg. Men før ho kunne byrja å veva, trong ho garn. Det tradisjonelle ullgarnet var bra nok, men fargane tilfredsstilte ikkje hennar krav. Ho starta difor å søkja etter dei gamle plantefargane, ein leit som sende henne rundt til dei gamle konene på Jæren og i Ryfylke på jakt etter oppskrifter. Då ho hadde funne dei tre primærfargene blå, raud og gul, utvikla ho heile fargeskalaen og starta så sitt eige fargeri. Seinare utvida ho fargarverksemda, fekk elevar til å hjelpa seg med vevinga, og i 1890 opna ho sitt første atelier i Stavanger: «Fru Hansens Atelier for haandvævde norske Teppe». To år seinare, i 1892, var Frida Hansen allereie eit kjent namn innanfor tekstilkunsten. Ho flytta til Kristiania og starta eit veveri på Tullinløkka med storstilt produksjon, i tillegg til at ho arrangerte vevkurs og dreiv konsulentverksemd.[6] 

Studietur til utlandet endre

Utover 1890-åra utvikla Frida Hansen verksemda og kunstnarskapen sin. På leiting etter ny kunnskap og inspirasjon drog ho i 1895 på ein studietur, først til Köln og sidan til Paris. Ingen akademi aksepterte kvinnelege studentar på denne tida, og difor var privatundervising den einaste måten Hansen kunne utvikla seg på som kunstnar. I Köln studerte ho teikning på den offentlege teikneskulen. Ho studerte òg tysk seinmellomalderkunst, ein periode som hadde eit formspråk som eigna seg svært godt til hennar tekstilarbeid. Paris-besøket vart viktig for Hansen på mange måtar. Her teikna ho aktar, truleg hos blant andre den kjende malaren Puvis de Chavannes.

Like viktig som kva ho gjorde på studiereisene sine, er kva ho såg. I Europa var den rådande kunstretninga i ferd med å endra seg, frå det nasjonale og tradisjonsbundne til symbolisme og art nouveau/jugendstil. I Paris i 1895 florerte «den nye stilen», og den velkjende, dekorative plakatkunsten frå denne perioden var å sjå overalt i byen. Ein kan gå ut frå at Frida Hansen i Paris blant anna såg arbeid av Eugène Grasset, Alphonse Mucha og Paul Berthon. Same året opna òg galleriet som seinare gav namn til perioden; Maison de l'Art Nouveau. Det er att fleire kolteikningar frå hennar opphald i Paris, og ein finn òg dei første skissene til det velkjente biletteppet Melkeveien (1898).[7] 

Det norske Billedvæveri endre

I 1897 etablerte Frida Hansen og Randi Blehr «Norsk Aaklæde- og Billedtæppe-Væveri» (NABV), som frå 1899 endra namn til «Det norske Billedvæveri A/S» (DNB). Frida vart dagleg leiar med over 20 tilsette. Randi Blehr sat i styret til aksjeselskapet, saman med m.a. Gunnar Knudsen og Axel Heiberg. NABV hadde i tillegg ein kunstjury med betydelege medlemmar som Eilif Peterssen, Otto Sinding og Harriet Backer. Veveriet produserte ikkje berre teppa til Frida Hansen, men laga òg mønster, biletteppe og andre tekstilarbeid, i tillegg til at dei tok oppdrag frå andre kunstnarar.[8]

Veveriet fekk sitt store gjennombrot på Bergensutstillingen i 1898. Utstillinga var ei nasjonal mønstring for blant anna husflid og kunsthandverk. NABV viste fram heile 26 arbeid, alt frå løparar og puter til Frida Hansen sitt store biletteppe Melkeveien (1898). I Melkeveien kan ein sjå seks kvinner med glorie og lette kvite gevant. Kvinnene vandrar diagonalt over den mørkeblå, stjernekledde bakgrunnen medan dei held oppe eit stjerneslør. Stjernesløret er vår galakse – Mjølkevegen. Nedst er motivet avslutta med eit lysegrønt felt med ei hebraisk tekst frå 1. Mosebok, vers 15. I omsetjing lyder denne teksta:: «Og det skal vera til lys på himmelkvelvingen, til å lysa over jorda. Og det vart så.» NABV og Frida Hansen fekk tildelt ein gullmedalje på utstillinga i Bergen.[9] 

Transparentteknikken endre

Den 2. november 1897 fekk Frida Hansen løyve til patent på transparentteknikken. Denne teknikken har såkalla open ornamentering, det vil seie at mønsteret vert laga med innslag på opne renningstrådar. Felta der berre desse vertikale renningstrådane synest, gjer at lyset slepp gjennom, og det vert skapt ein spesiell visuell effekt. Vevnaden kan opplevast som gjennomsiktig, transparent. Til transparentteknikken sin brukte Hansen ei tvinna ullrenning, som hadde ei betre friksjonsevne enn anna garn. Teknikken eigna seg svært godt til portierar (forheng) og gardiner, og i motsetnad til biletteppa var transparentane meint å ha ein praktisk funksjon. Frida hausta stor heider for denne teknikken, blant anna på Verdsutstillinga i Paris i 1900, der teppa og portierane vart svært populære. I Paris fekk DNB ein gullmedalje for sin kolleksjon, og Hansen fekk gullmedalje for kunstnerisk verksemd.[10] 

Seinare år endre

I 1904 fekk Frida Hansen bygd eit herskapeleg hus med eige atelier på Bestum i Kristiania. På denne eigedomen fekk ho endeleg ein ny hage. Blomane og naturen var stadig ei stor kjelde til inspirasjon. I 1905 vov ho biletteppet Semper Vadentes, som førestiller fire relativt like kvinner som vandrar gjennom eit landskap dekte av blomar og stiar på kryss og tvers. Kvar kvinne har eit attributt i hendene; høvesvis ein pose, eit lys, eit smykke og ein blomsterbukett. Nedst i ramma som omkranser motivet, er eit felt med tekst på latin: «Semper Vadentes, Semper Agentes. Semper e natu in vitam ad aeternum. Domine.» På norsk vert det følgjande: 'Alltid lidande. Aldri kvilande. Bort frå vogge, du i livet, inn i æva. O Herre.'  Frida Hansen sa sjølv at teppet tematiserte den rastlause vandringa til mennesket.[11] Ifølgje familien hennar var det dette biletteppet Frida Hansen sette høgast av alle ho laga. Dette kan ha samanheng med at då teppet i 1906 vart stilt ut i salongen i Paris, vart ho innvald som Associée ved Société Nationale des Beaux-Arts. Ho fekk då rett til å stilla ut på salongen utan førehandsjuryering, noko som var ein sjeldan kunstnerisk heider. Same året vart DNB oppløyst.[12]

Både på den store tekstilmønstringa på Kunstindustrimuseet i Kristiania i 1913 og på Jubileumutstillinga året etter deltok Frida med sine teppe og portierar. I samanheng med desse to utstillingane vart tydinga hennar for den norske vevrenessansen framheva. Ikkje berre gjaldt heideren dei arbeida ho hadde skapt sjølv, men òg arbeid med dei mange elevane hennar på atelieret. I 1915 mottok ho Kongens fortenestemedalje i gull.[13]

Dei siste åra arbeidde Hansen vidare med transparentteknikken. Dei store biletteppa vart det færre av. Det siste ho arbeidde med var Olavteppet, som vart laga i høve 900-årsjubileet for kristninga av Noreg. Opphavleg vart teppet bestilt av eit amerikansk museum, og sagamotivet ein finn her var utypisk for Hansen. Ho brukte to år på kartongane til teppet, og i 1927 byrja ho å veva.[14] Hovudmotivet er Olav den heilage som kneler i sentrum av teppet, omkransa av representantar frå staten og kyrkja. I bakgrunnen kan ein sjå fjell og Folgefonna, og inn frå venstre ser ein drakehovudet på eit vikingskip. Øvst har Hansen igjen vove inn ei tekst, denne gongen eit vers frå Welhaven sitt dikt om Heilag-Olav:

Hellig Olav stod ved fjord med sin hær
Pinsefesten var for hånden
Alskens løs og blomster artede
seg der
Fagert under Folgefonnen.

I tillegg er det vove inn tekstar på latin på dei to sidebanda som på norsk tyder «Alltid herskande og alltid bedande» og «Heilag Olav Noregs konge».

Frida Hansen døydde i Oslo 12. mars 1931 og vart gravlagd på Ullern kyrkjegard. Olavteppet var enno under arbeid då ho døydde, og dottera Signe Djurhus Levy fullførte den øvste delen av teppet. I 1934 vart det utstilt i andre etasje i Blomqvist Kunsthandel i Oslo.[14]

Det var Frida Hansen sitt ynskje at Olavteppet skulle falla til heimbyen hennar Stavanger, og gjennom ei innsamling i byen i 1934 vart teppet innkjøpt og skjenkt til Domkyrkja.[15] Stavanger heidra henne med Frida Hansens vei og Frida Hansens hus i bydelen Hillevåg der ho voks opp.

Etter kvart som art nouveau-stilen vart fortrengd av modernismen, vart Frida Hansen sine teppe, motivkrinsar og fargebruk passé. Det hjelpte heller ikkje at dei fleste av arbeida hennar var i utlandet og dermed ikkje var tilgjengelege for den yngre generasjonen. Etter kvart vart Hansen og innsatsen hennar for den norske tekstilkunsten meir eller mindre gløymd. Først på 1970-talet vart Frida Hansen løfta fram i lyset igjen, hovudsakleg takka vera kunsthistorikar og seinare museumsdirektør Anniken Thue. Med hennar magisteravhandling og med den store vandreutstillinga på Kunstindustrimuseet i Oslo, Vestlandske kunstindustrimuseum og Stavanger kunstforening «Frida Hansen, europeeren i norsk vevkunst» i 1973, fekk publikum igjen sjå verka til Frida Hansen. Etter dette vart det igjen relativt stille rundt henne, il Stavanger Kunstmuseum i 2015 opna utstillinga «Frida Hansen – art nouveau i full blomst».

Arbeid endre

Frida Hansen bygde bru mellom norsk og europeisk biletvev. Naturen var ei viktig inspirasjonskjelde, og blomar var noko spesielt for henne. Teorien til William Morris om inspirasjon frå naturen sette ho høgt. Naturen var det sentrale, og Morris gjengav han samvitsfullt med abstraksjon og forenklingar. Når Frida Hansen skulle abstrahera ein blome, teikna ho han rett ovanfrå, eller frå sida, slik William Morris hadde gjort før ho.

Ho var spesielt oppteken av at tekstilkunst ikkje skulle vera vovne måleri, men ha sitt eige uttrykk. Det ho og Morris hadde felles, var respekt og audmjuke for naturen. Ikkje berre gjaldt dette inspirasjonen, men òg livet og kunsten. Frida var svært glad i blomar, og som barn elska ho rosehagen til bestemora. Kjærleiken til blomane finn ein òg i vevnadene hennar. Eigenuttrykket sitt fekk ho frå Morris, og det var viktig å gjera noko eige. Vevnadene hennar vart ofte kritiserte for å ikkje ha eit tilstrekkeleg norsk uttrykk; på denne tida var norsk nasjonalitet viktig. I 1890-åra og byrjinga av 1900-talet var det om å gjera å finna fram til det typiske norske. Frida Hansen svara på kritikken ved å leggja kunsten endå meir over mot det internasjonale, som til dømes den dekorative kunsten til Morris.

Eit av verka til Frida Hansen heng på slottet i Oslo; det er to riksteppe teikna av Gerhard Munthe, men vovne av Frida. Munthe meinte at ho var den beste i landet til oppgåva. Teppa som heng på slottet, er henta frå soga om Sigurd Jorsalfare. Ofte bestod ein verkstad av personar med ulike oppgåver; ein fargar som farga garnet og ordna kartong og dessutan ein vever som overførte motivet til veven. Frida Hansen var teknisk dugeleg og beherska heile prosessen. Ho skapte som regel kartongen i full storleik, farga garnet og vevet.

Kjende teppe (utval) endre

Sakna teppe endre

Fleire av teppene til Frida Hansen er forsvunne, det vil seia at ein veit ikkje der dei vart av etter at dei vart selt. Dette gjeld blant anna:

Havfruer og svaner (1893) endre

Biletvev, mål 250 x 350 cm. 

Motivet til teppet er tre svaner i ein sjø. Sjøen er voven i ulike blåtoner og har kvite kantar. I teppeborden sym grønnlige fiske i mørkeblått vatn, og øvst tronar ein sjødronning med gylle livstykke og kåpe av vannliljer mot ein raudleg aftanhimmel. Teppet er berre kjent gjennom eit gammalt foto, og ifølgje Aftenposten 7. desember 1893 vart det truleg selt til ein kjøpar i California.[16]

Skovens liv og flora (1893) endre

Biletvev, mål ukjent, men truleg 250 x 150 cm.

Motivet skal vera av blå blomsterjenter og gutar med raude luar og kvite blomar. Signaturen F.H. skal vera synleg nedst til venstre over borden i teppet. Ein har verna ein del av kartongen (forarbeidet) til veven, men elles veit ein at teppet var eit bestillingsverk til Chicagoutstillinga i 1893.[16]

De fem kloge og de fem daarlige jomfruer (1900) endre

Biletvev, mål truleg 250 x 750 cm.

Til høgre i teppet er det fem oppreiste kvinner med oljelamper. Dette er dei kloke jomfruene. Dei fem dårlege jomfruene ligg, sit eller lenar seg søvnig mot ei av dei seks søylene i biletet til teppet. Formelt liknar Jomfru-teppet mykje på Salomes dans (1900), med ei friseaktig framstilling i den lange flata. Fargemessig skal teppet ha vore halde i fiolett i alle nyansar og elles i lyse fargar. Teppet er signert med «Frida Hansen» nedst til høgre over borden.

Teppet vart kjøpt i Firenze i 1903 av Comptessa de Asarta, men ifølgje etterkommarane hennar gjekk teppet truleg tapt under 1. verdskrigen.[17]

Frieriet (1903) endre

Biletteppe, mål truleg 103 x 136,5 (ifølgje kartongen).

Berre ein kartong er att av dette arbeidet. Kartongen viser ei prinsesse i hovudsakleg grønt og fiolett, med ein frosk sitjande på sin kappe. Bakgrunnen er òg i grøntoner, med bleikrosa og fiolette iris. Teppet er signert nedst til høgre med «FH» og nedst til venstre med «E. H. Tex».

Det vart utstilt hos Blomqvist Kunsthandel i Kristiania i mars 1903, men historia etter dette er ikkje kjend.[18]

Sørover (1903) endre

Biletvev, 290 x 360 cm (ifølgje kartongen).

Dette teppet er ikkje kjent i dag, sidan det vart kjøpt direkte frå Frida Hansen av ein av hennar elevar, Berthe Aske Bergh, som seinare flytta til USA. Her vart teppet utstilt fleire gonger og avbilda i fleire amerikanske tidsskrift.

Teppet viser ti symjande svaner med kvinner på ryggen, og komposisjonen minner om Melkeveien (1898) i den glidande rørsla og i det avskorne motivet.[19] Etter skildringa var teppet halde i blått og kvitt, med innslag av sølv. Borden skal vera i grøn og fiolett, og øvst skal ordet «Sør-over» vera innvove i borden. Teppet er signert med «Frida Hansen» øvst til høgre.

Dagens eigar er ukjend, men teppet vart sist vist fram i 1930-31 i Toledo.[18]

Svinedrengen (1909) endre

Biletvev, 300 x 160 cm (ifølgje kartongen).

Her er eventyret om svinedrengen vist i den augneblunken han kyssar prinsessa under eit stort bjørketre, medan hoffdamene breier ut kjolane sine for å skjula det upassande som skjer. Kjolane har eit rikt floralt mønster og er ifølgje kartongen i blått, grønt, bleikfiolett, rosa og kvitt. Bakgrunnen er i ulike grøntonar. Ein kan sjå signaturen «Frida Hansen» nedst til høgre.

Historia til teppet er ukjent, men det vart sist stilt ut i Berlin i mars 1910. Ifølgje Aftenposten vart det òg selt der.[20]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 erlingjensen.net arkivkopi, arkivert frå originalen 9. oktober 2016, henta 26. november 2021  Frida Hansen. Besøkt 26. desember 2011
  2. Knut Berg: Norges kunsthistorie 5..., s.423
  3. Leithe & Ueland (2015): s. 13-14.
  4. Thue (1986): s. 9-15.
  5. Leithe & Ueland (2015): s. 14
  6. Thue (1986): s. 18-23
  7. Thue (1986) s. 43
  8. Lethe & Ueland (2015) s. 16
  9. Thue (1986): s. 59-65
  10. Thue (1986) s. 80
  11. Gudmundson (2015): s. 34-36
  12. Thue (1986): s. 106-107
  13. Thue (1986): s. 112-118
  14. 14,0 14,1 Fire malerinner hos Blomqvist. Arbeiderbladet. 9. mars 1934. 
  15. Thue (1986): s. 122
  16. 16,0 16,1 Thue (1973): s. 25
  17. Thue (1986): s. 67-69
  18. 18,0 18,1 Thue (1973): s. 35
  19. Thue (1986): s. 99-100
  20. Thue (1973): s. 38

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Frida Hansen
  • Knut Berg, red. (1981). Norges kunsthistorie. 5 - Nasjonal vekst. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. ISBN 82-05-12268-7.
  • Gudmundson, Inger K. L. (2015): "Frida Hansens littrære billedtepper" i katalog til Stavanger kunstmuseums utstilling Frida Hansen – art nouveau i full blomst. ISBN 978-82-900054-86-6
  • Halén, Widar (2015): "Japanisme i Frida Hansens tidligere vevnader" i katalog til Stavanger kunstmuseums utstilling Frida Hansen – art nouveau i full blomst. ISBN 978-82-900054-86-6
  • Leithe, Janne & Ueland, Hanne Beate (2015): "Frida Hansen, Stavangerdamen i europeisk vevkunst" i katalog til Stavanger kunstmuseums utstilling Frida Hansen – art nouveau i full blomst. ISBN 978-82-900054-86-6
  • Leithe, Janne (2015): "Alltid blomster – om Frida Hansens transparente portierer" i katalog til Stavanger kunstmuseums utstilling Frida Hansen – art nouveau i full blomst. ISBN 978-82-900054-86-6
  • Thue, Anniken (1986): Frida Hansen. En europeer i norsk tekstilkunst omkring 1900. Universitetsforlaget. ISBN 978-82-00-07203-4
  • Thue, Anniken (1973): Frida Hansen (1855–1931) europeeren i norsk vevkunst. Oslo.