Velle Nils Espeland (fødd 6. juli 1945 i Sør-Fron) er ein norsk folklorist, skribent, teikneserieomsetjar og dagleg leiar i Norsk visearkiv.

Velle Espeland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. juli 1945 (78 år)
Sør-Fron kommune
Yrke skribent

Espeland tok eksamen artium på Gudbrandsdal gymnas i 1964. Etter dette studerte han folkloristikk ved Universitetet i Oslo. Han leverte i 1974 ei avhandling, «Folkesong i Bjerkreim», for magistergraden, og same året vart han tilsett ved Institutt for kulturstudier. Der underviste han i 30 år, frå 1974 til 2003. Han har òg vore dagleg leiar i Norsk visearkiv sidan stiftinga vart skipa i 1983. Interessefelta hans her femner folkeviser, skillingsviser og balladar, i tillegg til arbeidssongar og songar for born.

Espeland har forfatta fleire artiklar og bøker om emna folkeminnevitskap og kulturhistorie. Emnet spøkjelse og liknande vesen er eit typisk emne for han, noko som viser seg gjennom barneboka frå 1999, Den store boka om spøkelse og faktaboka frå 2002, Spøkelse! Hvileløse gjengangere i tradisjon og historie. Han har òg arbeidd med omsetjing av teikneseriar som Sprint og Spiralis. Saman med broren sin, Gard Espeland, har han skrive tekst til julehefte som Smørbukk og Tuss og Troll.

Bibliografi Endra

  • 1974 – Svartbok frå Gudbrandsdalen. Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 110 (Oslo: Universitetsforlaget)
  • 1973 – Folkloristisk lesebok. Pensumantologi for folkeminnestudentar (Oslo: Universitetet i Oslo, Institutt for folkeminnevitskap. Saman med Helge A. Wold).
  • 1981 – Blow Boys Blow. Sjanties frå Diderik Brochmanns samlingar. Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 123 (Oslo: Tiden Norsk Forlag).
  • 1982 – 100 gåter (Oslo: Tiden).
  • 1990 – Tippoldemors oppskrifter. Norsk Folkeminnelags skrifter nr. 133 (Oslo: Aschehoug).
  • 1999 – Den store boka om spøkelse (Oslo: Omnipax. Saman med Mikael Holmberg).
  • 2000 – Julenissen og andre nissar (Oslo: Omnipax).
  • 2002 – Spøkelse! Hvileløse gjengangere i tradisjon og historie (Oslo: Humanist forlag)
  • 2003 – Ingen fred i grava og andre nifse spøkelseshistorier (Oslo: Samlaget. Saman med Gard Espeland).
  • 2005 – Helgener: mirakelmakere og idoler (Oslo: Humanist forlag)
  • 2005 – Norske hexeformularer og magiske opskrifter (Oslo: KA Forlag. Ny utgåve med føreord og register ved Velle Espeland. Opphavleg skriven av Anton Christian Bang).
  • 2007 – Norsk by- og bygdesongbok (Oslo: Samlaget, red.)

Kjelder Endra