Vendehalsar

fugleslekt

Vendehalsar, biologisk slekt Jynx, er ei lita, men særprega gruppe av små hakkespettar i «den gamle verda».

Vendehalsar
Vendehals Jynx torquilla
Vendehals Jynx torquilla
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Spettefuglar Piciformes
Familie: Spettefamilien Picidae
Underfamilie: Jynginae
Slekt: Vendehalsar Jynx
Linnaeus, 1758

Til likskap med dei «verkelege» spettane, har vendehalsar store hovud, lange tunger som dei nyttar til å trekkje ut byttedyr med, og zygodaktyle føter, klatreføter, med to tær peikande framover, og to bakover. Men dei manglar dei stive halefjørene som spettane brukar dei klatrar i tre, så det er meir sannsynleg at vendehalsar kviler på ei grein enn i oppreist stilling på ein trestamme slik som spettane gjer.

Nebba deira er kortare og mindre dolkliknande enn hos spettane. Hovudføda er maurar og andre insekt som dei plukkar frå rotnande trevirke eller i jord. Vendehalsar gjenbrukar spettehòl til reirplass, framfor å hakke ut eigne hòl. Egga er kvite, som hos mange andre hòlerugarar.

Dei to artane har kryptisk fjørdrakt, med intrikate mønstre av gråtonar og i brunt. Lydytringa er eit nasalt hakkespettliknande rop.

Desse fuglane har namn frå evna deira til å snu hovudet nesten 180 grader. Om dei blir forstyrra ved reiret, kveser dei og vrir det slangeliknande hovudet i ein truande oppvising.

Det finst berre to artar:

Kjelder

endre

Referansar

endre

Bakgrunnsstoff

endre