Venezuelabukta

(Omdirigert frå Venezuelagolfen)

Venezuelabukta (spansk Golfo de Venezuela) er ei bukt i Venezuela med opning nordover til Det karibiske havet. Bukta strekkjer seg 120 kilometer frå nord til sør og ho er 240 km brei på det vidaste målt frå byen Cojúla på grensa mot Colombia i vest til botnen av sidebukta Coro i aust. Lengst nord er Venezuelabukta avgrensa av halvøya Paraguaná i aust og av Guajirahalvøya i vest. I botnen i sør finst eit 54 km langt sund som bind saman Venezuelabukta med Maracaibosjøen.

Venezuelabukta
bukt
Land  Venezuela
Del av Det karibiske havet
Kart
Venezuelabukta
11°30′N 71°00′W / 11.5°N 71°W / 11.5; -71
Wikimedia Commons: Gulf of Venezuela
Kart over Venezuelabukta og Maracaibosjøen.

Bukta har kyststrekning til følgjande politiske einingar lista frå vest mot sør, aust og nord igjen: Departementet Guajira i Colombia, kommunane Páez og Miranda i delstaten Zulia, delstaten Falcón. Dei største byane ligg på austsida og er Punto Fijo og Coro. Utanfor bukta i Det karibiske hav ligg Aruba og Dei nederlandske Antillane.

Venezuelabukta vart første gongen skildra av ein europear i 1499Alonso de Ojeda saman med Amerigo Vespucci utforska kysten av Venezuela og Maracaibosjøen.

I dag er bukta ein transportveg for råolje som vert frakta ut frå Maracaibosjøen til oljeraffineri ved Punto Fijo og andre stader.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre