Venstrepartiet dei grøne
Venstrepartiet dei grøne (Vinstrihreyfingin – grænt framboð) er det sosialistiske partiet på Island. Partiet, med forkortinga VG, blei skipa 6. februar 1999 som ein freistnad på å sameine venstresosialistar og miljøaktivistar framfor valet det året.
Venstrepartiet dei grøne | |
![]() | |
Land | Island |
---|---|
Partileiar(ar) | Katrín Jakobsdóttir |
Grunnlagt | 6. februar 1999 |
Medlemstal | 5 000 |
Ideologi | demokratisk sosialisme, feminisme, grøn ideologi, grøn sosialisme, pasifisme, euroskeptisisme ![]() |
Politisk posisjon | sentrum-venstre, venstresida |
Da hadde det ei tid vore gjort freistnader på ei brei sameining av folk frå Alþýðubandalagið (Folkealliansen), Alþýðuflokkurinn (Sosialdemokratane), Kvennalistin (Kvinnelista) og Þjóðvaki (ei utbrytargruppe frå sosialdemokratane) i eitt samla parti, men det lukkast ikkje.
Endskapen på drøftingane om ulike alternativ for samling av venstrekreftene blei å skipe ei ny politisk rørsle, bygd på strid for sosial rettferd, sjølvstendig utanrikspolitikk og miljøvern. Partiet fekk 9,1 prosent av røystene og 6 medlemer av Alltinget. Ved valet i 2003 gjekk det litt tilbake, fekk 8,8 prosent av røystene og 5 medlemer av Alltinget. Ved valet i 2007 gjekk VG derimot mykje fram, fekk mesta 15 % av røystene og 9 medlemer innvalde i Alltinget. Valet i 2009 gav ny framgang, med 21,7 % av røystene og 14 alltingsmandat. Resultatet var likevel svakare enn dei fleste meiningsmålingane før valet, som gav partiet opp under 30 % oppslutnad. Venstrepartiet vart det tredje største partiet på det nye Alltinget.
Partiet er med i det nordiske venstrepartisamarbeidet Nordic Green Left Alliance, ilag med mellom andre norske SV.
Valresultat Endra
Val | Røyster | % | Mandat |
---|---|---|---|
1999 | 15 115 | 9,1 % | 6 |
2003 | 16 129 | 8,8 % | 5 |
2007 | 26 136 | 14,3 % | 9 |
2009 | 40 580 | 21,7 % | 14 |
Bakgrunnsstoff Endra
- Heimesida åt partiet (Mest stoff på islandsk, men noko på dansk og engelsk au.)