Verdsarven i Danmark

Wikimedia-listeartikkel

Verdsarven i Danmark omfattar sju oppføringar på UNESCO si verdsarvsliste. I tillegg kjem ei oppføring på Grønland. Oppføringane i Danmark er kulturarv og naturarv og den grønlandske naturarv. I tillegg har landet fem framlegg på den tentative lista og to av dei gjelder Grønland.

Danmark underteikna UNESCO-konvensjonen 25. juli 1979.[1] Det er Kulturstyrelsen som har hovudansvar for verdsarvkonvensjonen.

Den første danske verdsarvstaden var Jellingmonumenta som vart teke med på lista i 1994.[2]

Verdsarvstader endre

Desse stadene i Danmark står på verdsarvlista. Årstalla viser til når stadene vart teke med på lista av UNESCO.

År Namn Skildring Kriterium Stad Bilete
1994 Jellingmonumenta Jellingmonumenta omfattar gravhaugane, Jellingsteinane og Jelling kyrkje.[3] Kultur: III Jelling  
1995 Roskilde domkyrkje Teglsteinskyrkje frå på 1100-talet, det viktigaste byggverket i Danmark frå mellomalderen. Domkyrkja inneheld gravene til 39 kongar og dronningar. Kultur: II og IV Roskilde  
2000 Kronborg slott Renessanseslott bygd om frå mellomalderborgen Krogen av Frederik II i åra 1574 til 1585. Kultur: IV Helsingør  
2014 Den danske delen av Vadehavet Blanda Vadehavet  
2014 Stevns Klint Natur: VIII Stevns  
2015 Christiansfeld Byen Christiansfeld blei oppført av Brødremenigheten i 1772/1773 etter ein streng byplan. Store delar av dei gamle bygningan er bevarte.[4] Kultur: I, IV Christiansfeld  
2015 Parforsejaktlandskapet på Nord-Sjælland Kulturlandskap med vegar bygd i stjerneform etter initiativ av Fredrik V. Områdene blei nytta til parforsejakt. Omfattar Hareskoven ved Farum, Geels Skov ved Holte, Store Dyrehave ved Hillerød, den sørlege delen av Gribskov og Eremitagesletten i Jægersborg Dyrehave med Eremitageslottet.[5] Kultur: II, III, V, VI Sjælland  

På Grønland finst ein verdsarvstad.

År Namn Skildring Kriterium Stad Bilete
2004 Ilulissatfjorden Fjorden er ein isfjord som munner ut i Diskobukta. Den får heile tida tilført is frå Sermeq Kujalleq. Natur: VII og VIII Vestkysten av Grønland  

Oppføringar på den tentative lista endre

Desse oppføringane er leverte inn av Danmark til den tentative lista, som omfattar plasser kvart land vurderer å nominere som verdsarv. Årstallet angjev når framlegget blei ført opp av Unesco.

År Namn Skildring Kriterium Stad Bilete
1993 Frederiksstaden med Amalienborg Frederiksstaden oppført frå midten av 1700-talet. Omfattar mellom anna Amalienborg med slottsplassen, Amalienborgaksen og Marmorkyrkja.[6] Kultur: I, II, IV København  
2010 Molerlandskapet ved Limfjorden Natur: VIII, IX Limfjorden på Jylland  
2010 Vikingtidas trelleborger, omfattar Trelleborg ved Slagelse, Aggersborg og Fyrkat Dei tre trelleborgene representere noko heilt unikt frå vikingtida i Danmark med si ensarta geometriske oppbygging og storslåtte karakter.[7] Kultur: IV Fleire stader  
2011 Kulturminne frå vikingtida: Jellingemonumentene: Jelling kirke, Jellingesteinene, gravhaugene samt besøkssenteret Kongernes Jelling (verdensarv siden 1994) Framlegget er ei samansetting av dei viktigaste kulturminnene frå vikingtida, og er ein fleirnasjonal serienominasjon. [8]To av stedene ligger i Danmark, og de øvrige i Noreg, Island, Sverige, Tyskland og Latvia. Kultur: III Jelling  
2011 Kulturminne frå vikingtida: Trelleborgar Framlegget er del av ein fleirnasjonal serienominasjon saman med Noreg, Island, Sverige, Tyskland og Latvia.[9] Kultur: III Fleire plassar

Grønland har to oppføringar på den tentative lista og begge er frå 2003.

År Namn Skildring Kriterium Stad Bilete
2003 Aasivissuit, Arnangarnup Qoorua Grønlandske jaktområder i innlandet og ved kysten (Paradisdalen og Aasivissuit)[10] Kultur: III, V, VI Paradisdalen og Aasivissuit
2003 Hvalsey kyrkje, bispesetet ved Garðar og Eirik Raudes Brattahlíð Eit nordisk/inuitiskt kulturlandskap som mellom anna representerer 1000 års landbruk i Arktis.[11] Kultur: III, IV, V, VI Fleire plassar  

Kjelder endre