Verdscupen i skiskyting 1981

Verdscupen i skiskyting 1981 tok til den 13. januar og vart avslutta 5. april. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar, inkludert VM-renna i Lahti. Utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert tre stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Jáchymov (2) i Tsjekkoslovakia, Antholz (2) i Italia, Ruhpolding (2) i Vest-Tyskland, Lahti (2) i Finland og Hedanäset i Sverige. Dei seks beste poeng-fangstane til deltakarane talde med i samandraget i verdscupen.

Frank Ullrich frå Aust-Tyskland vann to av dei ti renna og sigra framom Sovjetunionens Anatolij Aljabjev. Nordmannen Kjell Søbak vann 10-km i Jáchymov og enda på tredjeplass i samandraget.

Individuelt

endre
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Frank Ullrich   Aust-Tyskland 140 2
2 Anatolij Aljabjev   Sovjetunionen 130 1
3 Kjell Søbak   Noreg 128 1
4 Eirik Kvalfoss   Noreg 120 2
5 Peter Angerer   Vest-Tyskland 117
6 Mathias Jung   Aust-Tyskland 114
7 Terje Krokstad   Noreg 103 1
8 Matthias Jacob   Aust-Tyskland 103
9 Eberhard Rösch   Aust-Tyskland 98
10 Erkki Antila   Finland 90

Kjelder

endre