Verdsutstillinga i Paris i 1855

Verdsutstillinga i Paris i 1855, fransk Exposition Universelle, var ei verdsutstilling som blei halden på Marsmarka i Paris frå 15. mai til 15. november 1855. Det fulle offisielle namnet hennar var Exposition Universelle des produits de l'Agriculture, de l'Industrie et des Beaux-Arts de Paris 1855.[1] Ifølgje den offisielle rapporten vitja ca. 5 millionar menneske utstillinga.[2] Ho følgde Great Exhibition i London frå 1851 og hadde sitt eige svar til Krystallpalasset der i form av Palais d'Industrie. Den einaste bygningen som er att frå utstillinga i dag er Théâtre du Rond-Point.

Innviinga av verdsutstillinga i Paris av Napoleon III ved Palais de l'Industrie.
Palais d'Industrie

Kunstverka blei stilte ut i ein eigen paviljong på Avenue Montaigne.[3] Det blei vist verk av kunstnarar frå 29 land, som dei franske kunstnarane François Rude, Ingres, Delacroix[3] og Henri Lehmann[4] og dei britiske kunstnarane William Holman Hunt og John Everett Millais.[3] Frå Noreg deltok mellom anna Knud Geelmuyden Bull,[5] J.C. Dahl,[6] Aasta Hansteen,[7] treskjeraren Ole Jacobsen Laulo,[8] Morten Müller[9] og Adolph Tidemand.[10] Gustave Courbet hadde fått fleire av måleria sine refusert, og stilte ut ein ein mellombels Pavillon du Réalisme på sida av den offisielle utstillinga.

I samband med utstillinga bad Napoleon III om eit klassifikasjonssystem for dei beste bordeauxvinane i Frankrike, som kunne stillast ut for vitjande frå heile verda. Vinhandlarar rangerte vinar etter omdømet og salsprisen til ulike château, som på den tida var direkte knytt til kvalitet. Resultatet førte til den viktige offisielle klassifiseringa av bordeauxvin frå 1855.[11]

Utstillingsobjekt endre

Adolphe Sax hadde den formelle presentasjonen sin av saksofonen her.[12]

Kjelder endre

  1. Exposition Universelle. «1855, exposition universelle des produits de l'agriculture, de l'industrie et des beaux-arts.». Exposition Universelle. Henta 9. januar 2012. 
  2. Art Nouveau. «L' Exposition Universelle de 1855 à Paris». L'art nouveau. Henta 9. januar 2011. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Ratcliffe, Barrie M. (2008). «Paris 1855». I Findling, John E.; Pelle, Kimberley D. Encyclopedia of World's Fairs and Expositions. McFarland & Company, Inc. s. 23. ISBN 978-0-7864-3416-9. 
  4. Océanides grief of the foot of the rock where Prometheus was chained, Fitzwilliam Museum, 2014 
  5. Skedsmo, Tone (20. februar 2017). «Knud Geelmuyden Bull». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 
  6. Bang, Marie Lødrup (25. februar 2020). «Johan Christian Dahl». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). 
  7. Wichstrøm, Anne (20. februar 2017). «Aasta Hansteen». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 
  8. Sveen, Dag (20. februar 2017). «Ole Jacobsen Laulo». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 
  9. Østby, Leif (20. februar 2017). «Morten Müller». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 
  10. Malmanger, Magne; Sørensen, Bodil (17. desember 2019). «Adolph Tidemand». Norsk kunstnerleksikon (på norsk bokmål). 
  11. Peppercorn, David (2003). Bordeaux. London: Mitchell Beazley. s. 83. ISBN 1-84000-927-6. 
  12. The World Exposition Reader side 64

Litteratur endre

  • Song Chao, red. (2008). The World Exposition Reader (engelsk). Shanghai: Shanghai Scientific & Technological Literature Publishing House. ISBN 9787543936195

Bakgrunnsstoff endre

  • ExpoMuseum om utstillinga
  • Elizabeth M. L. Gralton, 'Lust of the Eyes: The Anti-Modern Critique of Visual Culture at the Paris Expositions universelles, 1855–1900', French History & Civilization (2014), Vol. 5, pp 71–81.