Vere Gordon Childe
Vere Gordon Childe (14. april 1892–19. oktober 1957), best kjend som V. Gordon Childe, var ein australsk arkeolog, mest kjend for utgravinga av ein unik steinalderbuplass ved Skara Brae på Orknøyane. Childe er også kjend for å stå bak omgrepa Den neolittiske revolusjonen (Jordbruksrevolusjonen) og Den urbane revolusjonen, og han var ein av de første arkeologane som prøvde å setja arkeologiske oppdagingar inn i ein større europeisk og verdsomspennande kontekst. Innan arkeologisk teori hadde han ei marxistisk tilnærming til faget, noko som påverka ideane hans om forhistoria.
Childe var fødd i Sydney i Australia. Han budde i Europa mellom 1921 og 1956, og var tilsett som professor i arkeologi ved Universitetet i Edinburgh frå 1927 til 1946 og ved Institutt for arkeologi i London mellom 1946 og 1956. Han pensjonerte seg eit år før tida, ordna sakene sine og reiste tilbake til Australia i 1957. I Greater Blue Mountains i New South Wales tok han livet sitt, i følgje brev til venner i frykt for å bli gammal, skrøpeleg og senil.
Utgjevingar
endre- The Dawn of European Civilization (1925)
- The Danube in Prehistory (1929)
- The Bronze Age (1930)
- New Light on the Most Ancient East (1935)
- Prehistory of Scotland (1935)
- Man Makes Himself (1936, andre utgave i 1951)
- Prehistoric communities of the British Isles (1940, andre utgave i 1947)
- What Happened in History (1942)
- Progress and Archaeology (1944, 1945)
- History (1947)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vere Gordon Childe» frå Wikipedia på bokmål, og «Vere Gordon Childe» frå Wikipedia på engelsk den 22. juli 2011.