Veronikaslekta
(Omdirigert frå Veronica (plante))
Veronikaslekta (Veronica) er ei planteslekt i kjempefamilien. Slekta har namn etter helgenen Veronica. Artane i slekta har motsette blad, blå krone med fire flikar, ein brei øvre, to sideflikar og ein smal nedre. To mjølberarar, feste ved grunnen av den øvre kronfliken. Krona fell lett av. Somme artar vil lett svartne i ei blomsterpresse. Slekta er artsrik med kring 450 artar i verda. Eit tjuetal av desse veks i Noreg.[1][2]
Veronikaslekta | |
Tviskjeggveronika | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Kjempefamilien Plantaginaceae |
Stamme: | Veroniceae |
Slekt: | Veronikaslekta Veronica L., 1753 |
Norske takson
endre- Storveronika (V. longifolia), livskraftig (LC)
- Aksveronika (V. spicata), sårbar (VU) i Raudlista 2021[3]
- Bergveronika (V. fruticans), livskraftig (LC)
- Snøveronika (V. alpina), livskraftig (LC), med underartane
- Fjellveronika (V.a. ssp. alpina), livskraftig (LC)
- Høgfjellsveronika (V.a. ssp. pumila), nær truga (NT)[3]
- Bleikveronika (V. serpyllifolia), livskraftig (LC), med underartane
- Snauveronika (V.s. ssp. serpyllifolia), livskraftig (LC)
- Lappveronika (V.s. ssp. humifusa), nær truga (NT)[3]
- Kosakkveronika (V. gentianoides), framandart, låg risiko (LO) i Framandartslista 2018[4]
- Lækjeveronika (V. officinalis), livskraftig (LC)
- Tviskjeggveronika (V. chamaedrys), livskraftig (LC)
- Prydveronika (V. austriaca) med underartane
- Austveronika (V.a. ssp. austriaca), framandart, ingen kjend risiko (NK)
- Firtannveronika (V.a. ssp. teucrium), framandart, låg risiko (LO)[4]
- Flikveronika (V.a. ssp. dentata), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert (NR)
- Veikveronika (V. scutellata), livskraftig (LC)
- Bekkeveronika (V. beccabunga), livskraftig (LC)
- Vassveronika (V. anagallis-aquatica), sårbar (VU)[3]
- Vårveronika (V. verna), livskraftig (LC)
- Bakkeveronika (V. arvensis), livskraftig (LC)
- Vandreveronika (V. peregrina) med underartane
- Gartnarveronika (V.p. ssp. peregrina), framandart, låg risiko (LO)[4]
- Mølleveronika (V.p. ssp. xalapensis), framandart, einskildfunn, ikkje risikovurdert (NR)
- Åkerveronika (V. agrestis), livskraftig (LC)
- Mørkveronika (V. opaca), sterkt truga (EN),[3] før rekna som framandart[4]
- Blankveronika (V. polita), framandart, ingen kjend risiko (NK)
- Orientveronika (V. persica), framandart, potensielt høg risiko (PH)[4]
- Gravveronika (V. filiformis), framandart, låg risiko (LO)[4]
- Bergfletteveronika (V. hederifolia), sårbar (VU),[3] før rekna som framandart[4]
- Ballastveronika (V. sublobata), framandart, låg risiko (LO)[4]
Nokre artar har vore funne historisk eller med einskildfunn:[5]
- Vrangveronika (V. anagalloides), framandart, ikkje risikovurdert (NR)
- Dikeveronika (V. catenata), framandart, ikkje risikovurdert (NR)
- Torskemunnveronika (V. cymbalaria), framandart, ikkje risikovurdert (NR)
- Matteveronika (V. prostrata), framandart, ikkje risikovurdert (NR)
- Krypveronika (V. repens), framandart, ikkje risikovurdert (NR)
- Skroteveronika (V. triloba), framandart, låg risiko (LO)[4]
Kjelder
endre- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 938–946.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre veronikaslekta». Artsdatabanken. Henta 27. februar 2023.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 27. februar 2023.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 «Fremmedartslista 2018». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 27. februar 2023.
- ↑ Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 1170.