Vesle St. Bernhard-passet
Vesle St. Bernhard-passet (fr. Col du Petit Saint-Bernard; it. Colle del Piccolo San Bernardo) er eit 2 188 moh. høgt fjellpass i Dei graiiske Alpane som bind saman Isèredalen i det franske Departementet Savoie med Aostadalen. Vegen over passet blei bygd av Napoleon III.
Vesle St. Bernhard-passet | |||
---|---|---|---|
Col du Petit Saint Bernard | |||
Sørvest | Nordaust | ||
Passhøgd | 2 188 m | ||
Region | Département Savoie, Frankrike | Region Aostadalen, Italia | |
Vasskilje | Isère → Rhône | Dora Baltea → Po | |
Stader | Bourg-Saint-Maurice | Pré-Saint-Didier | |
Samband | D 1090 (asfaltert veg) | Strada statale 26 della Valle d'Aosta | |
Fjellområde | Dei graiiske Alpane | ||
Profil | |||
Stigning (snitt) | 4,5 % (1 184 m / 31 km) | 5,1 % (1 380 m / 22,6 km) | |
Kart | |||
| |||
Koordinatar | 45° 40′ 49″ N, 6° 53′ 2″ AKoordinatar: 45° 40′ 49″ N, 6° 53′ 2″ A |
Grensa mellom Italia og Frankrike går over passet. Etter at Italia erklærte krig mot Frankrike den 10. juni 1940 under den andre verdskrigen gjekk det føre seg krigshandlingar i passet, der den italienske sida åleine leid eit tap på 600 liv.
På den franske sida står det ein monolitt rett før passhøgda. Ein gong stod det ein statue av romarguden Jupiter på den, i dag står det ein av den kristne helgenen Bernhard von Menthon. Han skal ha grunnlagd eit hospits i passet, men av det er det berre ruinar att.
Tour de France
endreTour de France har passert over passet fleire gonger.[1][2][3]
År | Etappe | Kategori | Leiar over passhøgda |
---|---|---|---|
2009 | 16 | 1 | Franco Pellizotti |
1963 | 17 | 2 | Federico Bahamontes |
1959 | 18 | 1 | Michele Gismondi |
1949 | 17 | 2 | Gino Bartali |