Vestfolds litteraturpris
Vestfolds litteraturpris er ein litterær pris innstifta og gjeven av Norli Bokhandel i Tønsberg (tidlegare Olafsens Bog- og Papirhandel). Prisen vert delt ut til ein forfattar som personleg eller gjennom forfattarskapet sitt er knytt til Vestfold.
Prisen er primært ein skjønnlitterær pris, men kan også verta gjeven til ein sakprosaforfattar. Prisen vert utdelt årleg av ein jury med fem medlemmer oppnemd av Tønsberg og Nøtterøy Bibliotek, Vestfold fylkesbibliotek, Norli i Tønsberg og Tunsberg Litterære Selskap.
Prisvinnarar
endre- 1997: Harald Rosenløw Eeg
- 1998: Gro Dahle
- 1999: Ingvar Ambjørnsen
- 2000: Margaret Skjelbred
- 2001: Dag Solstad
- 2002: Trude Marstein
- 2003: Jan Mehlum
- 2004: Stein Erik Lunde
- 2005: Odd Børretzen
- 2006: Kåre Glette
- 2007: Svein Nyhus
- 2008: Niels Christian Geelmuyden
- 2009: Sidsel Mørck
- 2010: Tom Kristensen
- 2011: Erling Pedersen[1]
- 2012: Jørn Lier Horst[2]
- 2013: Mathis Mathisen[3]
- 2014: Kurt Aust
- 2015: Tone Gleditsch Stabell
- 2016: Steinar Opstad
- 2017: Kari Woxholt Sverdrup
- 2018: Stig Aasvik
- 2019: Marta Breen
- 2020: Kim Leine
- 2021: Tone Hødnebø
Referansar
endre- ↑ «Larviking stakk av med årets litteraturpris». Tønsberg Blad. 7. november 2011.
- ↑ «Vestfolds litteraturpris 2012 til Jørn Lier Horst». Nettstaden til Vestfold fylkeskommune. 11. november 2012. Henta 1. desember 2012.
- ↑ Tønsberg Blad, 04.11.13: Mathis Mathisen fikk litteraturprisen. Vitja 12.01.14
Bakgrunnsstoff
endre- Vestfolds Litteraturpris Arkivert 2006-05-06 ved Wayback Machine.